Osa i Åmot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Osa er ei elv Åmot kommune i Innlandet. Ho har opphavet sitt i Ossjøen som ligg 438–431 meter over havet. Elva renn mot vest og fell ut i Rena kring 10 kilometer over staden der denne renn ut i Glomma ved Rena stasjon. Osa har eit nedbørfelt på 1 374 km².

Ossjøen vart regulert i 1917 med 6,6 meter reguleringshøgd og eit magasin på 265 millionar m³. Fallhøgda på 200 meter mellom innsjøen og Rena vert utnytta i Nye Osa kraftstasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Osa» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 12. juli 2016.