Oscar Bobb
|
| |||
| Fødd | 12. juli 2003 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Oslo | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Fulham | ||
| Nummer | 14 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| –2017 | Lyn | ||
| 2017–2019 | Vålerenga | ||
| 2019–2022 | Manchester City | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 2022–2026 | Manchester City | 26 | (1) |
| 2026– | Fulham | 0 | (0) |
| Landslag | |||
| 2019 | Noreg G16 | 12 | (1) |
| 2020 | Noreg G17 | 1 | (0) |
| 2021 | Noreg G18 | 9 | (3) |
| 2022 | Noreg G19 | 4 | (0) |
| 2022– | Noreg U21 | 8 | (2) |
| 2023– | Noreg | 18 | (2) |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 30. januar 2026 ‡ Landslagsmål oppdatert 31. mars 2026[1] | |||
Oscar Bobb (fødd 12. juli 2003) er ein norsk fotballspelar frå Oslo som gjer teneste for den engelske klubben Fulham FC.[2] Han er ein teknisk, kjapp kantspelar.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Bobb skreiv kontrakt med Manchester City i juli 2019, men måtte vente heilt til 2. september 2023 før han kom på bana. I august 2024 braut han ein fot og det tok over eit halvt år før han var klar for spel. Han lukkast ikkje etablere seg i kamptroppa og i januar 2026 vart han overført til ligarivalen Fulham FC.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Knapt seks veker etter han fekk sin debut i klubbfotball, debuterte Bobb den 12. oktober 2023 på det norske landslaget mot Kypros. Fram til 8. juni 2024 var han innbytar i sju av åtte kampar, skåra det andre målet då Noreg vann 2-0 over Færøyane den 16. november 2023 og Noregs mål i 1-2 tapet mot Tsjekkia 26. mars 2024. Etter eit heilt års fråvere fekk han 6. juni 2025 atter spele landskamp. Gjennom året 2025 deltok han i seks av kvalifiseringskampane til Fotball-VM 2026. Per 1. april 2026 var Bobb bokført med 18 landskampar og 2 skåringar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Oscar Bobb fotball.no
- ↑ NTB (2026-01-30). «Bekreftet: Oscar Bobb forlater Manchester City – klar for Fulham». VG (på norsk). Henta 2026-01-30.
- Denne artikkelen bygger på «Oscar Bobb» frå Wikipedia på bokmål, den 10. april 2026.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |