Oscar D. Hillgaar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oscar D. Hillgaar
Fødd8. november 1945
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Framstegspartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedSjøkrigsskulen

Oscar Douglas Hillgaar (fødd 8. november 1945) er ein norsk flygeleiar og politikar frå Tvedestrand i Aust-Agder. Han var stortingsrepresentant frå Vestfold i tida 1989 til 1997. Hillgaar representerte Framstegspartiet til 22. april 1994, sidan sat han perioden ut som uavhengig representant.

Hillgaar gjekk 1966/67 på sjøkrigsskulen. Der etter var han fenrik i Sjøforsvaret og flygeleiarassistent på Banak flystasjon. Etter to års utdanning i inn- og utland, arbeidde han frå 1971 som flygeleiar både i Bodø, Bardufoss, Karmøy og på Fornebu flyplass, til han 1989 i vart vald inn på Stortinget.

Hillgaar busette seg i Sandefjord og engasjerte seg politisk for Framstegspartiet. Valperioden 1984-87 var han med i Sandefjord formannskap, samstundes som han var fylkestingsmedlem i Vestfold. Dei to fyrste åra av valperioden 1988-91 var han han varaordførar i Sandefjord og leiar av helse- og sosialstyret. Hausten 1989 stod Hillgaar på fyrsteplassen til Framstegspartiet ved stortingsvalet. Han vart vald inn med stor margin, attvald fire år seinare. I den fyrste fireårsbolken på Tinget var han medlem i Landbrukskomitéen, i den andre i Energi- og miljøkomitéen. Den 22. april 1994 braut Hillgaar med Framstegspartiet, og sat fram til 1997 som uavhengig representant. Utmeldinga kom som eit svar på den motgangen og dei nederlaga Hillgaar og andre liberalistiske partimedlemer leid på Framstegspartiet sitt landsmøte på Bolkesjø 15.-17. april. Etter siste stortingsperioden var over, melde Hillgaar seg inn i Arbeidarpartiet og representerte partiet i Sandefjord kommunestyre 2003-07.

Frå 1997 til 2005 var Hillgaar tilsett i leiande stilling ved flykontrollsentralen i Røyken. Han var elles sekretær 1998-2000 i Norsk flygelederforening.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]