Oscar Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oscar Larsen
Fødd20. mars 1880
Død5. november 1962
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, forretningsdrivande

Oscar Ludvig Larsen (20. mars 18805. november 1962) var ein norsk forretningsmann, næringsdrivar og politikar frå Ålesund, stortingsrepresentant for partiet Høgre 1919-23.

Larsen var son til ein kjøpmann og byrja arbeide i forretninga til faren alt i barneåra. I 1899 tok han sjølv til med agenturforretning i heimbyen. Straks etter bybrannen i 1904 utvida han verksemda si til å omfatte eksport av klippfisk, sild og andre fiskevarer på den eine sida, og på den andre handel med trelast og byggevarer. Han starta også opp eit byggefirma og dreiv på både som fiskebåtreiar og reiar av båtar i trampfart. Larsen var elles styreformann i Aalesunds gjensidige Dampskibsassuranceforening og i Aalesunds Handelsforening.

Larsen var bystyremedlem i Ålesund i 15 år frå 1907 til -22. Stortingsperioden 1919-21 representerte han einmannskrinsen Ålesund og MoldeStortinget, vald for Høgre. I den neste treårsbolken var han stortingsrepresentant frå dei tre byane i Møre fylke; Ålesund, Molde og Kristiansund, permittert heile 1924-sesjonen. Perioden 1919-21 medlem i Næringskomite nr 1, sidan formann i same komiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]