Oscar Nilssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oscar Nilssen
Fødd 12. august 1881
Død

1959

Oscar Wilhelm Nilssen (12. august 188130. juli 1959) var ein svensk-norsk småbrukar og skogsarbeidar, fødd i Östmark i Sverige. Han representerte Arbeidarpartiet og Hedmark-bygdene på Stortinget frå 1922 til 1945.

Nilssen var fødd på eit torp i Östmark i Värmland, ei 15 km aust om norskegrensa. Far hans var skogsarbeidar og utvandra seinare til USA, sjølv reiste han vestover i Finnskogen og inn i Hedmark fylke og Noreg. Frå 1896 var han skogsarbeidar. Tidleg i 1900-åra gifta han seg med ei kvinne frå Løten. Noko seinare forpakta han eit småbruk i Løten, men heldt fram med å arbeide i skogen. I 1911 slo han seg ned som småbrukar ved Ågård i Løten og vart same året norsk statsborgar.

Frå 1918 til 1923 var Nilssen formann i den lokale kooperasjonen, og medlem i representantskapet i Norges Kooperative Landsforening. Perioden 1917 til 1921 var han varaformann og kasserar i Norsk Skog- og Jordbruksarbeiderforbund. I 1921 vart han vald til leiar av Søndre Hedemarkens valkrins av Arbeidarpartiet, eit verv han hadde i 33 år. Ettersom krinsstyret fylgde utbrytarane inn i Norges Kommunistiske Parti ved partisplittinga i 1923, var han ekskludert i 18 dagar til mindretalet fekk skipa nytt krinsstyre for Arbeidarpartiet 1. desember 1923.

Nilssen vart vald til stortingsrepresentant for Det norske Arbeidarpartiet og frå valkrinsen Hedmark hausen 1921. Han vart så attvald ved dei seks nest stortingsvala i tida 1924 til 1936. Då stortinget av 1937-40 ikkje vart oppløyst før fredsåret 1945, var han formelt stortingsmann i 24 år. Alle stortingssesjonane var han medlem i Skog- og vassdragskomiteen, 1925-27 som sekretær og 1934-45 som formann.

Nilssen var medlem av formannskapet i Løten heradsstyre frå 1916 til 1928. I perioden 1931 til 1940 var ordførar i Løten. Under okkupasjonen av Noreg vart han fjerna frå ordførarstolen av det nye styret i landet. Den 10. mars 1945 vart han arrestert og sat fengsla i Hamar fengsel til 21. mars, sidan sat han i Grini fangeleir til krigen var over. Han tok då over ordførarvervet att, for nokre få månader.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]