Oscarshall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°54′36.724″N 10°41′31.564″E

Oscarshall i 2009, sett frå landsida.
Foto: Hans A. Rosbach
Oscarshall sett frå Frognerkilen. På breidda av Frognerkilen vart det bygd ei kai og den såkalla Kavaler-bygningen, med gangveg opp til slottet.
Detalj av Kavalerbygningen

Oscarshall slott er eit lystslott i nygotisk stil som ligg på Bygdøy ved Frognerkilen i Oslo. Slottet blei påbegynt i 1847 og stod ferdig i 1852, teikna av den danske arkitekten Johan Henrik Nebelong for kong Oskar I.[1] Nebelong har teikna sjølve bygningen, utforminga av interiøret og det meste av møbla. Men det var òg eit poeng at norske samtidskunstnarar skulle få oppdrag under oppføringa av Oscarshall. Interiøret vart laga av norske kunstnarar og handverkarar, så lystslottet gjev gode døme på norsk kunst og kunstindustri frå midten av 1800-talet. Kunstmålarane Adolph Tidemands folkelivsskildringar og Joachim Frichs norske landskap prydar matsalen i slottet. Kongeskulpturar av Hans Michelsen og relieff av Christopher Borch smykkar veggane i Salongen, medan heroiske framstillingar som Borchs relieff med motiv frå Frithjofs-soga og landskapsmåleri av Hans Gude med motiv som «Kong Beles gravhøi» og «Balestrand med Gaarden Flesje» er å sjå i daglegstova til kongen. Møbel og dekor i salongen er inspirert av norsk mellomalder og gamle norske gildehallar.

Johan Henrik Nebelong stod òg for utforminga av parken ikring slottet og bygningane der[1]. Slottet er bygd for å ha tilkomst både frå landevegen og med båt på Frognerkilen. Dette vart det teke omsyn til ved utforminga av fasaden på slottet, slik at bygningen er like storslagen å sjå til på båe sider. Ved stranda vart det bygd ei kai og den såkalla Kavaler-bygningen, som vegen til slottet går gjennom og på ein naturleg høgderygg steilt oppover til slottet gjennom parken som er laga til i dette bratte terrenget.

Oscarshall blei seld av kong Karl IV til den norske staten i 1863, og har sidan stått til disposisjon for det norske kongehuset.

I medhald av vedtak i bystyret i Oslo 8. november 1962, saknr. 261 Fredning og bevaring av gamle bygninger etc. i Oslo, er Oscarshall verna. Dette gjeld hovudbygningen, kavalerbygningen, kjøkenbygningen, vaktmeisterbustaden, hagepaviljongen og parken.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Byggingen av Oscarshall frå Kongehuset.no

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Oscarshall
Spire Denne arkitekturartikkelen som har med Oslo å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.