Oscarstatuetten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skøytelegenda Oscar Mathisen

Oscarstatuetten er ein heiderspris som blir delt ut innan hurtigløp på skøyter. Prisen er til minne om skøyteløparen Oscar Mathisen og har sidan 1959 vore tildelt av Oslo Skøiteklub som ei markering av den største skøytebragden i sesongen. Statuetten er ein miniatyr av Åre Durban sin statue av Oscar Mathisen, som står utanfor Frogner stadion. Utdelinga har tradisjonelt skjedd i samband med Oscarløpet like før jul, men er i seinare år blitt flytta til større skøyteløp i VikingskipetHamar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Valet av den største skøytebragden har hovudsakleg bygd på prestasjonar frå internasjonale meisterskapar som EM på skøyter, allround for damer og herrar, VM på skøyter, allround for damer og herrar, OL-medaljar for damer og herrar. Sidan 1996 har òg VM på enkeltdistanser for damer og herrar vore med i vurderingane. Verdsrekordløp kan vera avgjerande for utfallet. Verdscupen og internasjonale løp i Noreg er òg med i vurderinga. Tidlegare var prestasjonar i landskampar der Noreg var involvert òg sentrale, men slike landskampar eksisterer ikkje lenger.

Dei åtte første åra, fram til 1967, kunne ikkje ein utøvar vinna trofeet meir enn éin gong. Dermed kunne ikkje til dømes den første mottakaren av statuetten, Knut Johannesen, bli tildelt stauetten ein ny etter den fantastiske 10 000-meteren sin i Vinter-OL 1960. Tilsvarande kunne heller ikkje svenske Jonny Nilsson få oscarstatuetten etter VM-gullet i 1963.

Etter at statuetten frå 1967 kunne delast ut fleire gonger til same utøvar, har sju utøvarar motteke meir enn éin Oscar. Eric Heiden har fire, som han mottok fire år på rad frå 1977 til 1980. Ard Schenk, Johann Olav Koss og Gunda Niemann har tre kvar. Kees Verkerk vart den første med to trofé i 1967. To har òg Sten Stensen og svenske Tomas Gustafson, som mottok statuetten med seks års mellomrom i 1982 og i 1988.

Gunda Niemann er den einaste kvinna med meir enn éin statuett, og sit med tre av ti statuettar tildelt kvinner. Dei fire tyske statuettane er alle tildelt kvinner.

Statuetten blei berre gjeven til menn heilt fram til 1987, og Bonnie Blair var den første kvinna som mottok trofeet i 1992. Sidan har fem kvinner til teke imot Oscarstatuen.

I 2008 fekk den canadiske sprinteren Jeremy Wotherspoon den femtiande Oscarstatuetten i rekkja. Han var då den femte reindyrka sprinteren som mottok prisen, etter Jevgenij Kulikov frå Sovjetunionen (1975), Gaétan Boucher frå Canada (1984), Bonnie Blair frå USA (1992) og Hiroyasu Shimizu frå Japan (2001).[1]

Oversyn over vinnarar[endre | endre wikiteksten]

Fred Anton Maiar fekk statuetten i 1968
Ard Schenk fekk statuetten tre gonger, i 1970, 1971 og 1972
Johann Olav Koss fekk statuetten tre gonger, i 1990, 1991 og 1994
Foto: C. Hill, 2007
Rintje Ritsma fekk statuetten i 1999
Jochem Uytdehaage fekk statuetten i 2002
Anni Friesinger fekk statuetten i 2003
Chad Hedrick fekk statuetten i 2004
Sven Kramer fekk statuetten i 2007
År Namn Klubb/nasjonalitet Nasj. Vesentlege prestasjonar
1959 Knut Johannesen Arbeidernes Skøyteklubb  Noreg Europameister
1960 Boris Stenin Sovjetunionen  Sovjetunionen Verdsmeister
1961 Henk van der Grift Nederland  Nederland Verdsmeister
1962 Jonny Nilsson Sverige  Sverige Vann 10 000 m med 15 sekund under VM i Moskva.
1963 Nils Aaness Oslo Skøiteklub  Noreg Verdsrekord samanlagt og europamiester
1964 Ants Antson Sovjetunionen  Sovjetunionen Verdensrekord på 3 000 m, OL-gull og europamester
1965 Per Ivar Moe Oslo Idrettslag  Noreg Verdsmeister
1966 Kees Verkerk Nederland  Nederland Verdsmeister
1967 Kees Verkerk Nederland  Nederland Verdsmeister
1968 Fred Anton Maier Tønsberg Turn  Noreg OL-gull, verdsmeister og europamester
1969 Dag Fornæss Hamar Idrettslag  Noreg Verdsmeister og europamiester
1970 Ard Schenk Nederland  Nederland Verdsmeister og europameister
1971 Ard Schenk Nederland  Nederland Verdsmeister
1972 Ard Schenk Nederland  Nederland Verdsmeister, europameister og 3 OL-gull
1973 Göran Claeson Sverige  Sverige Verdsmeister og europameister
1974 Sten Stensen Drammens Skøiteklub  Noreg Verdsmeister
1975 Jevgenij Kulikov Sovjetunionen  Sovjetunionen Fire verdsrekordar på 500 m - forbeta rekorden med eitt sekund (fra 38,0 til 37,00)
1976 Sten Stensen Drammens Skøiteklub  Noreg OL-gull og verdsrekord på 10 000 m
1977 Eric Heiden USA  USA Verdsmeister
1978 Eric Heiden USA  USA Verdsmeister
1979 Eric Heiden USA  USA Verdsmeister
1980 Eric Heiden USA  USA 5 OL-gull
1981 Amund Sjøbrend Hamar Idrettslag  Noreg Verdsmeister og europameister
1982 Tomas Gustafson Sverige  Sverige Europameister
1983 Rolf Falk-Larssen Trondhjems Skøiteklub  Noreg Verdsmeister
1984 Gaétan Boucher Canada  Canada 2 OL-gull
1985 Hein Vergeer Nederland  Nederland Verdsmeister
1986 Geir Karlstad Lillestrøm Sportsklubb  Noreg Verdsrekordar på 5 000 m og 10 000 m
1987 Nikolaj Guljajev Sovjetunionen  Sovjetunionen Verdsmeister og europamester
1988 Tomas Gustafson Sverige  Sverige OL-gull på 5 000 m og 10 000 m og europameister
1989 Leo Visser Nederland  Nederland Verdsmeister og europameister
1990 Johann Olav Koss Sk-94  Noreg Verdsmeister
1991 Johann Olav Koss Sk-94  Noreg Verdsmeister og europameister
1992 Bonnie Blair USA  USA OL-gull på 500 m og 1000 m
1993 Falko Zandstra Nederland  Nederland Verdsmeister og europameister
1994 Johann Olav Koss Sk-94  Noreg OL-gull på 1 500 m, 5 000 m og 10 000 m
1995 Gunda Niemann Tyskland  Tyskland Verdsmeister
1996 Gunda Niemann Tyskland  Tyskland Verdsmeister
1997 Gunda Niemann Tyskland  Tyskland Verdsmeister allround og på VM enkeltdistansar
1998 Ådne Søndrål Hol Idrettslag  Noreg OL-gull på 1 500 m
1999 Rintje Ritsma Nederland  Nederland Verdsmeister
2000 Gianni Romme Nederland  Nederland Verdsmeister
2001 Hiroyasu Shimizu Japan  Japan Verdsmeister i sprint
2002 Jochem Uytdehaage Nederland  Nederland OL-gull 5 000 m og 10 000 m og verdsmeister
2003 Anni Friesinger Tyskland  Tyskland Europameister og VM enkeltdistansar på 1 000 m, 1 500 m og 3 000 m
2004 Chad Hedrick USA  USA Verdsmeister og verdsrekord samanlagt
2005 Shani Davis USA  USA Verdsmeister
2006 Cindy Klassen Canada  Canada Verdsmeister
2007 Sven Kramer Nederland  Nederland Verdsmeister
2008 Jeremy Wotherspoon Canada  Canada Verdsmeister og flere verdsrekordar på 500 meter, den siste på 34,05 sek.[1]
2009 Shani Davis USA  USA To verdsrekordar (1 000 m og 1 500 m) på to dagar.[2]
2010 Martina Sáblíková Tsjekkia  Tsjekkia Siger på 3 000 m og 5 000 m i OL, VM og EM.[3]
2011 Bob de Jong Nederland  Nederland Siger på 10 000 m under VM enkeltdistansar med tida 12.48,20.[4]
2012 Christine Nesbitt Canada  Canada Ny verdsrekord på 1 000 m under Sprint-VM 2012 med 1.12,68.[5]
2013 Ireen Wüst Nederland  Nederland Det første 3 000 meterløpet under 4 minutt på låglandsbane i verdscupfinalen 2012/13 med 3.58,68.[6]
2014 Jorrit Bergsma Nederland  Nederland OL-gull og det raskaste 10 000 meterløp på låglandsbane med 12.44,45.[7]
2015 Brittany Bowe USA  USA Gull i enkeltdistanse-VM på 1 000 meter og den raskeste tida på ein europeisk bane; første løpar på 1 000 meter under 1.14 blank med 1.13,90.[8]
2016 Ted-Jan Bloemen Canada  CAN Ny verdsrekord på 10 000 meter.[9]
2017 Sven Kramer (2) Nederland  NED Gull i enkeltdistanse-VM på 10 000 meter og tidenes raskeste på lavlandsbane (12.38.89).[10]
2018 Håvard Holmefjord Lorentzen Fana Idrettslag  NOR OL-gull på 500 meter.[11]
2019 Kjeld Nuis Nederland  NED Ny verdensrekord1 500 meter i verdenscupfinalen 2018/19.[12]
2020 Natalja Voronina Russland  RUS Ny verdensrekord på 5 000 meter i enkeltdistanse-VM 2020.[13]
2021 Nils van der Poel Sverige  SWE Ny verdensrekord på 10 000 meter i enkeltdistanse-VM 2021.[14]

Statistikk[endre | endre wikiteksten]

Nasjonsfordeling[endre | endre wikiteksten]

Oscarstatuetten blei utdelt for 50. gong i 2008, då til canadieren Jeremy Wotherspoon. Statuettane er tildelt løparar frå ni nasjonar etter følgjande fordeling:

# Land Mengd
Trofé Løparar
1 Nederland 16 13
2 Noreg 14 11
3 USA 9 5
4 Canada 5 5
5 Tyskland 4 2
- Sovjetunionen 4 4
- Sverige 4 3
8 Japan 1 1
- Tsjekkia 1 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Oscar-statuetten til Jeremy Wotherspoon». 
  2. «Begrunnelse tildeling 2009 til Shani Davis». Oscarstatuetten - Oscar Mathisens ærespris. 
  3. «Oscar-statuetten 2010 til Martina Sablikova». 29. mars 2010. 
  4. «Oscarstatuetten til Bob de Jong». 24. mai 2011. 
  5. «Oscarstatuetten 2012 tildeles Christine Nesbitt». 18. april 2012. 
  6. «Oscarstatuetten 2013 tildeles Ireen Wüst, Nederland». 16. april 2013. 
  7. «Oscarstatuetten 2014 tildeles Jorrit Bergsma». 19. juni 2014. 
  8. «Oscarstatuetten 2015». 20. mai 2015. 
  9. «Oscarstatuetten til Ted-Jan Bloemen». 15. juni 2016. 
  10. Svenn Erik Ødegaard (6. september 2017). «Oscarstatuetten 2017 tildeles Sven Kramer, Nederland». Norges Skøyteforbund. Arkivert frå originalen 7. september 2017. Henta 6. september 2017. 
  11. Jostein Magnussen; Jonas Wikborg (23. mai 2018). «Lorentzen tildelt Oscarstatuetten for 2018: – Dette er stort». VG sport. Henta 26. desember 2018. 
  12. «Oscarstatuetten 2019 tildeles Kjeld Nuis». Oslo Skøiteklub. 13. juni 2019. Henta 15. juni 2019. 
  13. Svenn Erik Ødegaard (5. juni 2020). «Voronina tildelt Oscar statuetten». Norges Skøyteforbund. Henta 13. juni 2020. «Natalja Voronina fra Russland tildeles Oscarstatuetten for sesongen 2019/20 for sitt imponerende verdensrekordløp på 5000 meter i VM enkeltdistanser på skøyter i Salt Lake City i USA 15. februar 2020.» 
  14. Hasse Farstad (9. juni 2021). «Oscarstatuetten 2021 tildeles Nils van der Poel». Norges Skøyteforbund. Henta 3. august 2021. «Nils van der Poel fra Sverige tildeles Oscarstatuetten for sesongen 2020/21 for sitt fenomenale verdensrekordløp på 10.000 meter i VM på skøyter enkeltdistanser i Heerenveen i Nederland 14. februar 2021.» 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]