Ose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 58°57′ N 7°41′ E

Ose
Storståga i Ose vert nytta til ulike utstillingar.
Foto: Jarle Vines
Land  Noreg
Kart
Ose
58°57′3″ N 7°40′40″ E

Ose er ei lita bygd ved riksveg 9, nord i Bygland kommune i Setesdal. Ho ligg ved Otra før elva breier seg ut og vert til Åraksfjorden. Ved Ose ligg Reiårsfossen.

På Ose ligg Ose Turistheim og Ose Ullvare, ein butikk som sel varer av ull. Staden er òg kjend for Ose Countryfestival som vart arrangert fyrste gong i 1983, og etter mange års opphald vart sett i gang igjen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ose var tidlegare eit viktig trafikknutepunkt, og der var skysstasjon frå 1887. Ose var det nordlege endepunktet for rutetrafikken med dampbåtane «Bjoren» og «Dølen» frå 1897. Ose Turistheim vart bygd i 1909 og er den eldste turiststasjonen i Setesdal som framleis er i drift.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]