Oseanografisk stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein oseanografisk stasjon er ein forskingsstasjon der det vert gjort observasjonar frå ein bestemt posisjon på havet. Det kan vere eit fartøy eller ei plattform. Ein vanleg oseanografisk stasjon tar observasjon av temperatur, salinitet, kjemiske parameter og meir i forskjellige djupner nedover i havet.

Dansk biologisk Station, som blei skipa i 1889 for å forska på utbreiinga og biologien til fiskar, er eit døme på ein slik stasjon. Han blei laga på ein tidlegare transportbåt frå den danske marinen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«oseanografisk_stasjon» i Store norske leksikon, snl.no.