Oseansvalefamilien
Oseansvalefamilien | ||
| ||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Aves | |
Orden: | Procellariiformes | |
Familie: | Oceanitidae
Forbes , 1881 | |
Slekter | ||
|
Oseansvalefamilien er ein biologisk familie av pelagiske sjøfuglar som er medlemmer av ordenen stormfuglar.[1] I ein periode, og framtil nyleg, var dette taksonet rekna som ein underfamilie av ein samla stormsvalefamilie, Hydrobatidae.[2]
Innhaldsliste
Skildring[endre | endre wikiteksten]
- Sjå òg artikkelen om stormsvaler for utfyllande skildring av morfologi, levevis og leveområde
Maoristormsvala representerer eit gjennomsnitt i storleik for artane i oseansvalefamilien med kroppslengd på 17 centimeter og 35 gram i vekt. Det er berre mindre variasjonar blant artane, dansestormsvale og oseanstormsvale ligg i nedst på skalaen med kroppslengd frå 15 cm, kvitstrupestormsvale er lengst med 24-26 cm.
Samanlikna med artane i stormsvalefamilien, er oseansvalene kortvenga, men har relativt lengre bein som i flukta stikk tydelig bak haletuppen. Ingen i denne familien har kraftig kløfta hale som i stormsvalefamilien, halen har i regelen rett kant, men to artar kan likevel ha svakt kløfta hale.[3]
- Fjørdraktfarger
Fleire artar har varierande fjørdrakt, med mørke og lysare populasjonar og einskildindivid. Fregattstormsvale har mykje grått på rygg og overgump, kvitstrupestormsvale saman med fregattstormsvale syner lyse, nesten kvite vengeband på dekkfjører, og i stor grad lys underside, men avvikande, mørke morfar av kvitstrupestormsvaler kan være heilt mørke.[3]
Dei øvrige artane i familien har fjørdrakt med i regelen mørk overside, kvit overgump og med varierande mengd kvitt på undersida og under vengen. Oseanstormsvala har kvit gump, men er elles mykje mørk.
- Utbreiing
Artane i denne familien hekkar og lever generelt sør for ekvator, fregattstormsvale er eit unnatak sidan ho òg hekkar på øyar i Nord-Atlanteren.
Truslar og vern[endre | endre wikiteksten]

Fleire artar i denne familien er trua av menneskeleg aktivitet.[5] Av 9 nolevande artar er 5 klassifiserte som livskraftige, LC, maoristormsvala er kritisk trua og kvitstrupestormsvale er oppført som sterkt trua. I tillegg er to artar så dårleg kjente at dei er oppførte som «mangelfulle data», DD.
Oseansvaler står overfor dei same truslane som andre sjøfuglar, spesielt er dei trua av introduserte artar. Introduserte rovdyr som villkattar er årsak til nedgang. Habitatdegradering som avgrensar hekkeområda årsaka av introduserte geiter og griser er òg eit problem, spesielt viss det aukar konkurransen frå meir aggressive gravande petrellar.
Oversyn artar, status og hekkelokalitetar[endre | endre wikiteksten]
Oseansvalefamilien i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7]
Slekt | Artsnamn | Vitskapleg namn | Status | Populasjon | Trend | Hekkeplass |
Oceanites | ||||||
Oseanstormsvale | Oceanites oceanicus | LC | 12-30 mill | ukjent | frå Cape Horn i Chile til Kerguelen-øyane òg kysten av Antarktis. | |
Pincoyastormsvale | Oceanites pincoyae | DD | 2000 | ukjent | Chile | |
Dansestormsvale | Oceanites gracilis | DD | 30 000 | stabil | ukjent, men antatt på små øyar frå nordlege Chile til Galápagosøyane | |
Garrodia | ||||||
Gråryggstormsvale | Garrodia nereis | LC | 200 000 | ukjent | øyar i sørlege hav frå Falklandsøyane austover til Chatham-øyane, New Zealand. | |
Pelagodroma | ||||||
Fregattstormsvale | Pelagodroma marina | LC | 4 mill | ukjent | øyar i Sør-Atlanteren, som Tristan da Cunha, kysten av Australia og New Zealand,
i Nord-Atlanteren: Cape Verde, Kanariøyane og Selvagensøyane. | |
Fregetta | ||||||
Kvitbukstormsvale | Fregetta grallaria | LC | 300 000 | ukjent | øyar på den sørlege halvkula | |
Maoristormsvale | Fregetta maorianus | CR | < 50 | ukjent | ukjent, (New Zealand) | |
Svartbukstormsvale | Fregetta tropica | LC | 500 000 | ukjent | øyar på den sørlege halvkula | |
Nesofregetta | ||||||
Kvitstrupestormsvale | Nesofregetta fuliginosa | EN | 1000-1600 | minkande | øyar i Stillehavet: Kiribati, Fransk polynesia, Ny-Caledonia |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- (2019). Oceanitidae i del Hoyo, Carboneras, C., Jutglar, F. & Kirwan, G.M. (red.) Lista av artar i Oceanitidae, 25. februar 2019
- Referansar
- ↑ Morten Bergan (05.03.2019) Wilsonstormsvalen får nytt norsk navn: oseanstormsvale Henta frå birdlife.no den 14. april 2019
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson. 2018. Updates & Corrections - August 2018 Bolk «pages 13-14, 699, Southern Storm-Petrels Oceanitidae» om godtaking av Oceanitidae som ein ny familie. Henta 25. februar 2019
- ↑ 3,0 3,1 Onley, D.; Scofield P. (2007). Albatrosses, Petrels and Shearwaters of the World. Princeton University Press, Princeton, New Jersey. ISBN 978-0-691-13132-0
- ↑ «New Zealand Storm-petrel discovered breeding 50 km from Auckland City». BirdLife International. 25 February 2013. Henta 27. april 2019.
- ↑ Søk 'Oceanitidae' i IUCN Raudliste
- ↑ Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
