Oseberghaugen

Koordinatar: 59°18′28″N 10°26′48″E / 59.30778°N 10.44667°E / 59.30778; 10.44667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°18′28″N 10°26′48″E / 59.30778°N 10.44667°E / 59.30778; 10.44667

Oseberghaugen

Den restaurerte Oseberghaugen.
Kart
Oseberghaugen
59°18′35″N 10°27′11″E / 59.30972222°N 10.45297222°E / 59.30972222; 10.45297222
Osberghaugen i Vestfold med Osebergskipet under utgravinga i 1904–1905.

Oseberghaugen er ein gravhaug frå vikingtida, truleg frå år 834, i Slagendalen i Tønsberg kommune i Vestfold. Haugen romma det vidkjende Osebergskipet. Han vart arkeologisk graven ut i 1904. Haugen skal opphavleg ha målt kring 40 meter i tverrmål og ha vore over 4 meter høg.

Utgravingar[endre | endre wikiteksten]

I Oseberghaugen var det jordfesta ei kvinne av høg status saman med ei anna kvinne, slik det går fram av at det låg knokkelrestar etter ei yngre (25–40 år gamal) og ei eldre (om lag 70 år gamal) kvinne i eit kammer av tre som var laga til i det rikt dekorerte vikingskipet. I skipet låg elles det rikaste gravgodset som er funne i noka enkeltgrav i Norden, mellom anna ei praktvogn og fem såkalla dyrehovudstolpar, restar av biletvevnader, kister, tekstilreiskapar, kjøkenreiskapar og ei rekkje andre ting til bruk på ein storgard og til bruk i førkristen religiøs kult. I grava var det òg restar av 15 hestar. Mykje av gjenstandane var øydelagde allereie under gravleggingsseremoniane ved at skipet då hadde vorte dynga ned av stein før gravhaugen av jordmasser vart reist over det, og dessutan av at det hadde vore gjort innbrot i haugen i gamal tid. Skipet og dei andre funna er stilte ut i Vikingskipshuset i Oslo.

Handsaming av haugen[endre | endre wikiteksten]

Etter utgravingane vart haugen liggjande open fram til 1948. Haugen vart då rekonstruert av arkeolog Anton Wilhelm Brøgger. Leivningane av dei to kvinnene vart då lagt tilbake i haugen i ein sarkofag av aluminium. I september 2007 vart haugen opna att og sarkofagen teken ut, av di ein frykta for at beinmaterialet i sarkofagen kunne verte øydelagt slik at det ville verte vanskelegare å undersøke DNA-et i framtida.

Oseberghaugen er saman med mellom anna Gokstadhaugen og Borrehaugane lagt fram til å verte tekne opp på verdsarvlista til UNESCO.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Oseberghaugen