Oselvarverkstaden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oselvarverkstaden er ei stifting som Os kommune sør for Bergen, Hordaland fylkeskommune og Os båtbyggjarlag står bak. Føremålet er å ta vare på handverkskunnskapen, og både kommunen og fylkeskommunen yter tilskot til drifta, slik at verkstaden kan bruka mykje tid på kunnskapsoverføring og tileigning.

Oselvarverkstaden, som ligg på Osøyro attmed Oselvo, har namn etter båttypen oselvar, og kom i drift i 1997. Då vart dei to siste båtbyggjarane som levde av å byggja oselvarar tilsette, saman med to yngre, fagutdanna trebåtbyggjarar som ikkje hadde bygd oselvarar før. Dei unge skulle læra oselvartradisjonen av dei gamle. Seks lærlingar har tatt fagprøven sin på verkstaden, tre av dei er i dag fast tilsette som båtbyggjarar. Desse båtbyggjarane kan steg for steg følgja det «faglege slektstreet» sitt tilbake til Lars og Jørgen Tøsdal. Oselvarverkstaden tek såleis vare på ein 250 år gammal dokumentert, samanhengjande båtbyggjartradisjon i Os.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]