Osijek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Osijek
Promenaden i Osijek
Promenaden i Osijek
Styresmakter
Land
Fylke
Kroatia
Osijek-Baranja.
Geografi
Flatevidd
 - By

169 km²
Innbyggjarar
 - By (2001)

114 616
Koordinatar 45°55′27.11″N 18°40′46.52″EKoordinatar: 45°55′27.11″N 18°40′46.52″E
Høgd over havet 94 m
Diverse anna
Heimeside: www.osijek.hr

Osijek er ein by i Kroatia, 282 km frå Zagreb, og den største byen i Slavonia. Han ligg på høgre sida av elva Drava, 22 km før elva munnar ut i Donau. Den høgre sida av elva ligg litt høgare enn venstresida, og er meir sikra mot flaum. Området rundt Osijek har vore busett i fleire tusen år, og vart først busett av romarane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Då romarane erobra Panonnia-dalen, der Donji grad (Den nedre byen) i dag ligg, vart det bygd ein militærleir og sivil busetnad med namn Mursa. I år 133 fekk Mursa status som koloni.

Colonia Aelia Mursa oppstod i tre byggeetappar frå midten av 100-talet til midten av 300-talet. Byen hadde dobbel bymur. På grunn av den viktige geografiske plasseringa, dei viktige handelsvegane og hamna ved elva, bygde romarane ei steinbru over Drava (delar av denne brua er bevart i Osijek-museet). Colonia Aelia Mursa vart øydelagd fleire gongar, den siste gong av hunarane i år 441. Etter denne katastrofale øydeleggjinga vart ikkje byen bygd opp att på ny, og folkesetnaden slo seg heller ned i området omkring byen.

Det finst ingen nedskrivne notat om byen frå dei siste nedskrivningane om den romeske Mursa i 591 til han vart nemnd i mellomalderen som Osijek i 1196. Det finst derimot arkeologiske spor, som viser at det var busetnadar i området i denne perioden. Osijek voks fram vest for den romerske Mursa. Dei eldste dokumenta om byen er frå 1196, då Kong Emerik bekrefta at det måtte samlast inn veg- og hamneskatt.

Det var fleire føydale familiar som herska over byen, og den som herska lengst var familien Korog frå [1353 til 1472.

Den 8. august 1526 vart byen plyndra og omleira av osmanarane, som brente ned byen til grunnen og byrja å byggje den opp att i orientalsk stil. I tida under tyrkarane var byen kjend på grunn av trebrua som gjekk over Drava og Baranija-sumpane frå Osijek til Darde. Brua var heile 8 km lang og den gong eit verdsunderverk. Brua vart bygd i løpet av nokre veker ved hjelp av 25 000 arbeidarar.

Byen vart frigjort frå tyrkarane den 29. september 1687. Like etter frigjeringa gjekk ein i gang med å forsterke dei svakaste forsvarspunkta i byen og folkesetnaden vart flytta 2 km opp elva frå festninga. Og slik oppstod Gornji grad (Den øvre byen) i 1692. På same måte oppstod Donji grad (Den nedre byen) då folkesetnaden vart flytta 2 km ned elva i 1698. Heilt til slutten av 1700-talet var alle dei tre busetnadane utvikla som sjølvstendige bykommunar. I 1786 vart dei tre busetnadane sameina til ein enkelt by, og i 1809 vart denne utnemnd til fri kongeby.

I 1884 opna det første moderne transportanlegget i byen, ei hestesporvogn. Dette var den første hestesporvogna sør for Wien og Budapest.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]