Oskar Hasselknippe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oskar Hasselknippe
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. januar 1911
Død

4. juli 2001 (90 år)

Yrke journalist, redaktør, flygar
Språk norsk

Oskar Hasselknippe (fødd 18. januar 1911Biri, daud 4. juli 2001) var ein norsk pressemann og motstandsmann. Han er mest kjend som ansvarleg redaktør i Verdens Gang frå 1953 til han gjekk av med pensjon i 1978. Han er den lengstsittande redaktøren i historia til avisa.

Hasselknippe starta sin journalistiske karriere i avisa VelgerenGjøvik i 1931. Seinare jobba han i Ringerikes Blad der han var redaksjonssekretær ved krigsutbrotet i 1940. Han byrja i Verdens Gang ved oppstarten i 1945. Han var reportasjesjef før han vart ansvarleg redaktør. Som pressemann var han svært oppteken av teknologiske nyvinningar. Dette kom til uttrykk både i VG-spaltene og ved den produksjonsmessige utviklinga i avisa. Han stod i spissen for avisa då ho la om til tabloidformat i 1963.

Under andre verdskrigen var Hasselknippe distriktssjef for MilorgRingerike, Hadeland og Hallingdal. Han hadde militær bakgrunn frå Luftforsvaret, der han var kaptein.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Olav Selvaag – Mannen med idéene (biografi 1982)
  • Slik ble VG til (1985)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]