Oskar Omdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oskar Omdal
Oskar omdal.jpeg
Fødd 11. oktober 1895
Kristiansand
Død

25. desember 1927

Yrke flygar, mekaniker, offiser, polfarer
Oskar Omdal på Commons

Oskar Omdal (fødd 11. oktober 1895 i Kristiansand, daud 25. desember 1927) var ein norsk flygar i Marinens flyvåpen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Deltakarane i Amundsen og Ellsworth sin flyekspedisjon mot Nordpolen 1925 vert møtte i Oslo hamn: mekanikar Karl Feucht (1893–1954, frå venstre), mekanikar Oskar Omdal (1895–1927), pilot Hjalmar Riiser-Larsen (1890–1965), pilot Leif Dietrichson (1890–1928) og ekspedisjonsleiar og navigatør Roald Amundsen (1872–1928). Navigatør Lincoln Ellsworth er ikkje komen med på biletet.
Oskar Omdal til høgre.
Foto: Narve Skarpmoen

Omdal vart utdanna ved Marinens flyvåpen i 1919 og vart løytnant tre år seinare.

I 1925 var Omdal med som mekanikar på Roald Amundsen si reise til Nordpolen med fly. Den 21. mai 1925 starta dei med to flybåtar frå Ny-Ålesund. På «N–25» var Hjalmar Riiser-Larsen flygar, Roald Amundsen navigatør, og Karl Feucht mekanikar. På «N–24» var Leif Dietrichson flygar, Lincoln Ellsworth navigatør og Oskar Omdal mekanikar. Dei landa på 87° 44' nord (25 mil frå Nordpolen) og hadde store vanskar med å koma i lufta igjen. «N–24» var skadd og måtte etterlatast. Først 15. juni hadde dei fått laga ein provisorisk startbane på 500 meter på isen der, dei makta å ta av med «N–25» med alle seks om bord.[1] Dei landa same dag i BrennevinsfjordenNordaustlandet.[2] Selfangstskuta «Sjøliv» frå Balsfjord var i området og redda Amundsen og følgjet hans tilbake til Ny-Ålesund.[3]

Død

Omdal omkom saman med Frances Wilson Grayson og Brice Goldsborough som hadde hyra Omdal for ei atlanterhavsflyging frå Curtis Field i New York til Harbor Grace i Newfoundland, der dei skulle førebu ei kryssing av Atlanterhavet.

Heider[endre | endre wikiteksten]

Oscar Omdals gate i Stavanger og Oscar Omdals terrasse i Hamresanden i Kristiansand er oppkalla etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på Oskar Omdal i Wikipediapå bokmål, utgåva frå 11. november 2018

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Per Kristian Johansen og Sjur Sætre (1. mars 2007). «Roald Amundsens mislykkede polferd». NRK Norgesglasset. Henta 17. februar 2008. 
  2. Tim Greve (1975). Svalbard – Norge i Nordishavet. Grøndahl & Søn Forlag A/S. s. 28. ISBN 82-504-0107-7. 
  3. Thor B. Arlov (2003). Svalbards historie (2. reviderte utgave utg.). Trondheim: Tapir Akademisk Forlag. s. 429. ISBN 82-519-1851-0. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]