Oskarshamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 57°15′51.095″N 16°26′45.049″E

Oskarshamns byvåpen
Besvärsgränd i Oskarshamn

Oskarshamn er ein svensk by og centralort i Oskarshamn kommun i Kalmar län i landskapet Småland ved Kalmarsund, kring 65 km nord for Kalmar. I 2011 hadde byen 17 258 innbyggjarar.

Byen har skipsverft, mekanisk og kjemisk industri og produksjon av transportmiddel og -utstyr (Scania). Byen har ei god hamn med ferjesamband til VisbyGotland og om sommaren til ByxelkrokÖland. Her er òg sjøfartsmuseum, teater og anna. Kring 20 km nord for byen, ved halvøya Simpevarp, ligg det første kjernekraftverket i Sverige, Oskarshamnsverket, som har vore i drift frå 1971.

Oskarshamn, som tidlegare heitte Döderhultvik, fekk bystatus i 1856 og er oppkalla etter kong Oscar I. Den kjende treskjeraren Döderhultaren budde og arbeidde her. Verkstaden hans er framleis å finne i byen og det er ope for omvisning. Ca. 200 av figurane han skar er i eit eige museum. Når figurane hans kjem for sal på den opne marknaden, noko som sjeldan skjer, oppnår dei særs høge priser.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Oskarshamn