Oskefisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Oskeladden)
Oskefisen og prinsessa, teikna av Erik Werenskiold

Oskefisen eller Oskeladden er nemninga på helten i mange norske folkeeventyr. Namnet hans er til vanleg Espen, men han kan og heite til dømes Johannes (brørne heiter støtt Per og Pål). I fleire eventyr er guten husmannsson, eller bondeson, men namnet kan og vera nytta om ein kongsson, berre han er yngst, og rekna som lite tess.

Namnet «oskefis» peiker mot rolla guten har i byrjinga av eventyra. Han sit for det meste og grev i oska på peisgrua, medan dei eldre brørne gjer gardsarbeid og er til nytte. Namnet peikar mot at han har til oppgåve å halde elden på grua ved like, noko han gjer ved å blåse til han (eller fise, som tyder mest det same). Han blir beint fram rekna som "ein liten fis" av dei eldre brørne. Eventyra syner stort sett at det er nett oskefisen/ladden som vinn til sist, av di han har hellet og vitet med seg, og av di han gjer gaum på det dei eldre brørne ikkje ensar.

Teoriar om eventyrhelten[endre | endre wikiteksten]

Det har vore laga mange teoriar kring denne figuren. Det har vore hevda han er eit døme på draumen om vinst hjå vanlege folk, og om korleis ein tapar nyttar vit og hell for å vinne fram. Oskefisen har vore sett som ein nasjonal folkekarakter, og har nytta han i nasjonsbygginga. Henrik Ibsen nytta han til dømes som eit av fleire førebilete for Peer Gynt («Hjemme ligger du i gruen/roter rundt i kull og emmer»).

Frå Oskefis til Oskeladd[endre | endre wikiteksten]

I dag er det nemninga «Oskeladd» eller «Askeladd» som er mest nytta, sjølv om Oskefisen var til stades i alle eventyroppskriftene (det finst og døme på namnet «oskepott» nytta om guten). Skiftet skuldast reinskrivinga som vart gjort av Peter Christen Asbjørnsen i høve den første eventyrsamlinga frå 1843. Ordet fis vart rekna som usømeleg, og Asbjørnsen nytta «Oskepott» i den første utgåva si. Ordet «Oskeladden» vart truleg innført seinare, av Moltke Moe, for ikkje å blande eventyrhelten med heltinna frå det tyske eventyret Oskepott (Aschenpützel). Sidan har «Oskeladden» vore mest einerådande.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]