Oslo Baand & Lidsefabrik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°55′27.948″N 10°45′52.676″E / 59.92443000°N 10.76463222°E / 59.92443000; 10.76463222

Oslo Baand & Lidsefabrik i 1953
Foto: Wilhelm Råger/Oslo Museum

Oslo Baand & Lidsefabrik var ein tekstilfabrikk i Gøteborggata 8 i Oslo. Han vart skipa av Conrad Halvorsen i 1893, og produserte band, pliseer, lisser, belte, selar og industriband. Dette var ein av dei første fabrikkane i landet som satsa på dette segmentet.

Fabrikken utvida lokala slik at dei utgjorde ein U-forma bygningsmasse med Gøteborggata 6 og Teglverksgata 7 og 9.

Verksemda vart etter kvart svært stor, og dreiv òg eksport. I 1974 vart fabrikken slått saman med Trengereid Fabrikker. Ein del av produksjonen vart flytta til Tistedalen utanfor Halden, og fabrikken i Oslo vart gjenbrukt til m.a. dansestudio, før han vart delvis riven og omgjort til bustadar i 2001–2004.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Band», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022 
  2. «Stropp», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022 
  3. «Vottehaldar», digitaltmuseum.no, henta 28. januar 2022