Oslo Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Oslo IL)

Oslo Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i Oslo, stifta 3. september 1893. Idrettslaget er aktivt med i friidrett, kunstløp og lengdeløp på skeiser og i symjing.

Laget vart stifta som Kristiania Idrætsforening og dreiv med friidrett, skeiseløp og nordiske greiner på ski. I tida før 1930 var mange nasjonale friidrettsmeistrar medlem i idrettslaget, fremst av desse stod Ferdinand Bie, olympisk meister i femkamp i 1912. Laget skifta namn til Oslo Idrettslag i 1924 då byen Kristiania skifta namn til Oslo.

Etter 1945 hevda skeiseløparar som Odd Lundberg, Roald Aas, Alv Gjestvang, Per Ivar Moe, Lisbeth Korsmo, Per Bjørang og Jørn Didriksen seg i internasjonale tevlingar. Kari Karlsen var Noregs beste høgdehoppar i ein periode på 1970-talet. Symjarane Inger Nordbø, Rolf Bagle, Lars Krogh, Ulf Gustavsen, Beda Leirvåg og Trine Krogh er dei fremste lagsmedlemene som har sanka Oslo Idrettslag hundrevis av NM-titlar i symjeidretten.

Handballaget til Oslo Idrettslag vann utandørs-NM i 1956, 1957, 1958. Handballgruppa er sidan lagd ned.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]