Oslo Sanitetsforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oslo Sanitetsforening (OSF), skipa 26. februar 1896 som Norske Kvinners Sanitetsforening, er ein underorganisasjon i Oslo under den landsdekkjande norske foreininga Norske Kvinners Sanitetsforening (N.K.S.). Oslo Sanitetsforening er med dette den eldste av dei mange lokale sanitetsforeiningane under Norske Kvinners Sanitetsforening etter at dette vart namnet på den landsdekkjande foreininga i 2011. Foreininga er religionsfri og politisk nøytral, og hjelper andre utan omsyn til nasjonalitet, religion eller politisk overtyding.

Med unnatak av administrasjonen av foreininga, vert alt arbeid i Oslo Sanitetsforening gjort av friviljuge i samsvar med føremålsparagrafen for Norske Kvinners Sanitetsforening om å mobilisere til friviljug innsats innanfor helse- og sosialområdet, med særleg fokus på kvinner. Foreininga arbeider framfor alt med å betre mentalt og sosialt velvere etter den definisjonen som Verdsorganisasjonen for helse (WFO) har gjeve av omgrepet helse, som stadfest at god helse er meir enn fråvære av sjukdom og lyter.

Sanitetsforeniniga har i si lange historie stått for sjukepleiarutdanning, hjelpepleiarutdanning, drive revmatismesjukehus og stått for revmatikaromsorg, gjeve stønad til revmatologisk forsking, tuberkulosebehandling, friluftsskule og institusjon for psykisk utviklingshemma i Oslo, skipa skular for helsesystrer og helsestasjonar for mor og born. I 1916 skipa foreininga eit fond for kreftforsking. Mange av dei oppgåvene som sanitetsforeininga tok på seg, vart seinare teke over av det offentlege helsestellet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]