Oslo Sanitetsforening Eiendom AS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sanitetsforeningens tidlegare revmatismesjukehus i Akersbakken 27 i Oslo er selt, og vart rive i 2017 for å gje plass til ei bustadblokk.

Oslo Sanitetsforening Eiendom AS er eit norsk aksjeselskap. Det vart skipa i mars 1998 for å stå for forvaltninga av eigedomane som Oslo Sanitetsforening var eigar av. Det er sanitetsforeininga som eig Oslo Sanitetsforening Eiendom AS fullt og heilt, og foreininga overlét alle eigedomane sine til dette selskapet. Avkastinga av drifta av aksjeselskapet går attende til foreininga og den verksemda som vert drive i deira regi.

Oslo Sanitetsforening Eiendom AS (OSFE) har eit dotterselskap, OSF Eiendom Utvikling AS, som 30. april 2014 selte det tidlegare revmatismesjukehuset som sanitetsforeininga hadde i Akersbakken 27/Fredrikke Qvams gate 1-3 i Oslo, og som òg Høgskolen i Oslo har nytta i undervisninga i si tid. Eigedomane Brusetkollen AS, Otto Hvalstads vei 70, Haugboveien 39 og Solstadlia 67/69 og 76,og Brusetkollen Skole i Otto Hvalstads vei 23, alle i Asker kommune, og Oslo Sanitetsforenings Hus i Solskinnsveien 12 i Oslo, er eigedomar som Oslo Sanitetsforeining nyttar framleis, og som Oslo Sanitetsforening Eiendom AS eig og driv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]