Oslo Senterparti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oslo Senterparti er fylkeslaget til Senterpartiet i Oslo, og etterfølgjaren til Aker Bondeparti.

Aker Bondeparti vart stifta 25. januar 1921, og var i verksemd til etter at Aker kommune vart innlemma i Oslo by 1. januar 1948. Det siste møtet i Aker Bondeparti vart halde sommaren 1949. Partiet hadde ikkje stilt liste ved kommunevalet hausten 1947, fordi lovene til Bondepartiet då gjekk utifrå at partiet berre verka i heradskommunar.

Oslo Senterparti vart stifta 11. oktober 1960 på restaurant Grotten i Wergelandsveien 5, med 27 personar til stades. Interimstyret som hadde førebudd stiftinga var sett saman av generalsekretær Martin Vårvik og konsulent Ole Rømer Sandberg. I det første fylkesstyret var frøken Jorun Hanem einaste kvinne. Partiet stilte første gong liste i Oslo by ved bystyrevalet hausten 1961, og ved stortingsvalet i Oslo fylke hausten 1969. Lokallag (senterkrinsar) vart etablerte hausen 1971, med Sinsen/Grüner Sp og Ullern/Røa Sp som dei første. Med reorganiseringa av bydelane frå 2004 har Oslo Sp fem lokallag. Fylkespartiet var representert på Stortinget 1977-1981 (fellesliste med Venstre og Det Nye Folkepartiet. Gunnar Johann Stålsett møtte 17 dagar som vararepresentant for Eli Kristiansen) og 1993-1997 (Arne Haukvik var representant. Margaret Eide Hillestad møtte 105 dagar som vara for Haukvik).

Fylkesleiarar og landsstyrerepresentantar: Lars Rottem Krangnes (2004 - 2009), Margaret Eide Hillestad (2009 - 2010), Jarand felland 2010 - 2011), Lars Gjemble (2011 - )

Fylkessekretærar: Johannes Rindal (2006), Camilla Vågan (2008 - 2009), Lars Vangen (2009 - 2010), Kirsti Marie Lyngås (2010 - )