Hopp til innhald

Oslo domprosti

Oslo Domkyrkje

Oslo domprosti er eit tenestedistrikt i Oslo bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner sentrale delar av Oslo og er eitt av fem prosti som dekkjer Oslo kommune. Sidan prostiet er knytt til Oslo domkyrkje, er det leia av ein domprost.

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Prostiet har pr. 2014 åtte sokn, etter ei større endring med fleire samanslåingar i 2013. Då vart Gamlebyen sokn og Grønland sokn slått saman til eitt sokn, og Gamle Aker sokn, Lovisenberg sokn, Markus sokn, Oslo Domkyrkje sokn og Trefoldighet sokn vart slegne saman til Sentrum og St. Hanshaugen sokn.[1]

SoknKyrkje(r)Kyrkjeleg fellesråd
Bygdøy soknBygdøy kyrkjeOslo
Fagerborg soknFagerborg kyrkjeOslo
Frogner sokn i OsloFrogner kyrkje i OsloOslo
Gamlebyen og Grønland soknGamlebyen kyrkje (i privat eige)
Grønland kyrkje
Oslo
Sentrum og St. Hanshaugen soknGamle Aker kyrkje
Lovisenberg kyrkje (i privat eige)
Markus kyrkje (leigd ut)
Oslo Domkyrkje
Trefoldighetskyrkja
Oslo
Kampen sokn i OsloKampen kyrkje i OsloOslo
Uranienborg soknUranienborg kyrkjeOslo
Vålerengen soknVålerenga kyrkjeOslo

Prestegjeld

[endre | endre wikiteksten]

Prestetenesta var tidlegare organisert lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Oslo Domprosti desse prestegjelda:

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Møteprotokoll frå møte i Oslo bispedømmeråd» (PDF). Oslo bispedømmeråd. 25. februar 2013.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

59°54′45″N 10°44′46″E / 59.91250°N 10.74611°E / 59.91250; 10.74611