Oslo-filharmonien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Oslo filharmoniske orkester)
Oslo-Filharmonien dirigert av Vasilij Petrenko på introduksjonskonserten etter at det blei kunngjort at han skulle ta over som sjefdirigent i 2013.
Foto: Hans A. Rosbach
Oslo-Filharmonien held til i Oslo Konserthus.

Oslo-filharmonien, eigenleg Oslo Filharmoniske Orkester, tidlegare Filharmonisk Selskaps Orkester, er eit symfoniorkester i Oslo som vart skipa i 1919. Oslo-filharmonien har base i Oslo Konserthus, og er eit av dei leiande symfoniorkestra i Europa.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Røtene til orkestret går tilbake til 1871, då Edvard Grieg og Johan Svendsen skipa orkesteret Christiania Musikforening. Dette avløyste den gongen Det Philharmoniske Selskab frå 1847. Christiania Musikforening vart sidan slått saman med Christiania Teaters Orkester, og fekk statsstøtte frå 1889.

I 1889 opna Nationaltheatret, som også hadde sitt eige orkester, under leiing av Johan Halvorsen. Orkestret var meint å vera fast symfoniorkester for Oslo. Under fyrste verdskrigen vart dette oppløyst, men vart gjenoppretta i 1918.

Året etter vart Filharmonisk Selskap skipa, og selskapet søkte om lov til å overta Nationaltheatrets orkester. Søknaden vart innvilga, og dei fyrste åra hadde Filharmonisk Selskaps Orkester tre kapellmeistrar: Johan Halvorsen, finske Georg Schnéevoigt og polske Ignaz Steumark. Den fyrste konserten til orkestret vart halden 27. september 1919. Der framførte dei m.a. Ja, vi elsker, A-mollkonserten av Edvard Grieg, og Landkjenning med Erik Ole Bye, Den norske Studentersangforening og Christiania Handelsstands Sangforening.

I 1921 vart Filharmoniske Selskaps Kor oppretta. Det skifte seinare namn til Oslo Filharmoniske Kor, og eksisterer framleis.

I 1920-åra gjekk selskapet med store underskot, og gjekk konkurs i 1930. Eit nytt selskap vart difor oppretta med nye aksjonærar. I 1934 starta Filharmonisk Selskaps Orkester eit samarbeid med NRK som gjekk ut på at orkesteret vart delt i to grupper, og dei to gruppene tenestegjorde som radioorkester annankvar månad. I tillegg hadde NRK rett til å kringkasta alle orkesterkonsertane bortsett frå abbonementskonsertar. Ordninga varte fram til 1946.

Særleg etter andre verdskrigen har orkestret oppnådd stor internasjonal merksemd, og fekk ein særleg oppsving under leiinga av Mariss Jansons. Det har for tida 107 tilsette musikarar, og har hatt fast base i Oslo Konserthus sidan 1977. Det skifte namn til Oslo Filharmoniske Orkester i 1979, og seinare til Oslo-filharmonien. I den japanske boka Sekai no Okesutora 123 frå 1994 er orkesteret nemnt som eit av dei 60 beste orkestra i verda.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Oslo-filharmonien er den artisten som har vunne flest Spellemannprisar med heile ni prisar.

Sjefdirigentar for Oslo-filharmonien[endre | endre wikiteksten]

Jukka-Pekka Saraste, sjefdirigent for Oslo-filharmonien frå 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]