Oslofjordmuseet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oslofjordmuseet

Oslofjordmuseet er eit kystskulturmuseum i Vollen i Asker kommune. Museet vart opna 7. juni 2013 som ei eining under Akershusmuseet, og tek for seg dei sidene ved kystkulturen i Indre Oslofjord som har med friluftslivet og bruken av fritidsbåtar å gjere. Oslofjordmuseet rår over ei samling båtar som tidlegare har vore å sjå på Follo Museum og på Son Kystkultursenter i Son i Vestby kommune, som tidlegare låg under Follo Museum. Son Kystkultursenter er no ei avdeling under Oslofjordmuseet.

Oslofjordmuseet har ei stor samling av lystbåtar og fritidsbåtar. For at publikum skal kunne få sjå flest mogleg av dei, vert utstillinga stendig endra. I tillegg til båtutstillinga har museet utstillingane Seglloftet og Fjord og friluftsliv med mellom anna ein robåt-simulator som publikum kan få prøve seg på. Utstillinga En renere fjord gjer greie for korleis avløpsvatnet (kloakkvatnet) frå dei folkerike og tettbygde områda kring Indre Oslofjord vert teke hand om for ikkje å ureine fjorden.

Avdelinga Son Kystkultursenter har ei eiga museumshamn, og eit av hovudmåla for senteret er å byggje opp ei representativ samling av søraust-norske trebåtar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]