Hopp til innhald

Oslogjengen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oslogjengen var ei motstandsgruppe i Noreg under andre verdskrigen som dreiv sabotasjeverksemd i perioden 1943 til 1945.

NamnFødd/dødMerknadDekknamnAnna merknad
Gunnar Sønsteby1918 - 2012leiar"Kjakan", "Nr.24"
Andreas Aubert1910 - 1956
Viggo Axelssen1912 - 1982
Gregers Gram1917 - 1944"Karl Johan"Drept i bakhaldsåtak på Plasskaféen, 13. november 1944
Henrik Hop1918 - 1988
William Houlder1917 - 1984
Max Manus1914 - 1996"Tollef", "Nr.12"
Martin Olsen1920 - 1979
Arthur Pevik1915 - 1974
Birger Rasmussen1920 - 2007
Tor Stenersen1917 - 1944Arrestert 1943, skoten under fluktforsøk.
Edvard Tallaksen1918 - 1944FinnTatt til fange under bakhaldsåtaket på Plasskaféen 13. november 1944;

tok sjølvmord på Akershus festning to veker seinare for å ikkje røpe noko om motstandsrørsla under tortur.

Gruppa stod for fleire militære oppdrag under krigen. Mellom anna "Operasjon Mardonius" (1943) og aksjonen mot Arbeidstenesta sine lokale i Oslo (1944). Manus og Gram dreiv òg propagandaverksemd gjennom «Operasjon Derby» og åtak på tyske skip gjennom «Operasjon Bundle». Oslogjengen stod òg for likvidasjonen av sjefen for tryggingspolitiet i Noreg, Karl A. Marthinsen, 8. februar 1945. Denne likvideringa vart utført av gruppeeininga «Buzzard», som bestod av Aubert og Hop[2]

Då kongefamilien kom tilbake til Noreg 7. juni 1945, fekk Oslogjengen ansvar for tryggleiken deira. Dette vart påskjønna med H.M. Kongens Erindringsmedalje med spenne «1940–1945». Gram, Stenersen og Tallaksen vart alle påskjønna med Krigskrossen med sverd post mortem.

  1. ISBN 82-458-0714-1 Christensen, Jan (2008) Oslogjengen - Europas beste sabotørgruppe, Orion forlag, Oslo
  2. Frå dokumentarfilmen Strengt hemmeligs nettside, arkivert frå originalen 2. februar 2010, henta 12. mai 2012