Oslolosen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oslolosen, eigentleg Kjell Aronsen, er ein ein fiktiv person skapt av humoristen Harald Eia. Han debuterte i TV-programmet Uti vår hage 2NRK1 i januar 2008. Eit klipp med Oslolosen er òg sett kring 700 000 gonger på Youtube. Oslolosen var òg frontfigur for Oslo kommune sin kjeldesorteringskampanje i 2008.[1]

Rollefiguren er ein sertifisert guide for byen Oslo. Oslo kommune har vedteke losplikt for utanbys køyretøy som entrar hovudstaden, og i den første episoden er jobben hans å guide ei gruppe menn frå Nord-Noreg som kjem til byen i buss. Aronsen snakkar (ein parodi på) Oslodialekt.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Stenberg, Ola E.: «Oslolosen» skal fronte søppel-kampanje - VG Nett (10.11.2008)