Osloslørsopp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Osloslørsopp
Osloslørsopp
Osloslørsopp
Status
Status i verda: EN Sterkt truga[1]
Status i Noreg: EN Sterkt truga[2]
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Underrekkje: Hymeniesoppar Agaricomycotina
Klasse: Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes
Underklasse: Agaricomycetidae
Orden: Skivesoppordenen Agaricales
Familie: Cortinariaceae
Slekt: Slørsoppar Cortinarius
Art: Osloslørsopp C. osloensis
Vitskapleg namn
Cortinarius osloensis

Osloslørsopp (Cortinarius osloensis) er ein truga soppart frå Noreg. Han høyrer til slekta slørsoppar (Cortinarius). Han er ein av få soppartar som er endemiske til Noreg, altså at han ikkje er kjend utanfor landet.[3] Soppen er berre kjend frå nokre få stader i området indre Oslofjord-Ringerike.[4][3]

Unge soppar har bleikgule stilk og skiver, medan kjøtet nesten er kvitt. Hatten er okergul på farge.[3]

Soppen veks typisk i kalklindeskog. Han dannar ein sopprotsymbiose med lind og kanskje også hassel.[3]

Det finst to førekomster av soppen på Bygdøy i Oslo, og to på Nes i Hole i Buskerud. Dei to på Bygdøy er på verneområde Dronningberget, og i Reinsdyrlia i nærleiken.[4][3] Ein reknar med at dagens førekomst er ein rest (relikt) etter eit større utbreiingsområde frå varmetida kjend som subboreal tid, då det voks mykje meir lind i Skandinavia.[3] Soppen var tidlegare rekna som kritisk truga i Noreg. Denne vurderinga blei endra til den noko mildare sterkt truga i 2015, ettersom habitatet kalklindeskog har fått større vern.[2][5] Ein reknar med at det finst rundt 260 individ av arten.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Brandrud, T.-E. (2015). «Cortinarius osloensis». IUCN Red List of Threatened Species 2015: e.T76196620A76196690. doi:10.2305/IUCN.UK.2015-4.RLTS.T76196620A76196690.en. Henta 13 November 2021. 
  2. 2,0 2,1 Osloslørsopp i Artsdatabanken. Besøkt 14. juli 2022.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 «Osloslørsopp - faktaark» (PDF), Artsdatabankens faktaark (113), 2010, ISSN 1504-9140 
  4. 4,0 4,1 «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 11. mars 2022. Henta 11. mars 2022. 
  5. Brandrud, T.-E. (2015), «Cortinarius osloensis», s. The IUCN Red List of Threatened Species 2015