Hopp til innhald

Sporveien Trikken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Oslotrikken AS)
Sporveien Trikken


Org.formAksjeselskap
Org.nr.985057192
BransjeSporvogn
Skipa6. november 2002
MorselskapSporveien
HovudkontorOslo
LandNoreg
Nettstadhttp://www.trikken.no/
Ein trikk i Oslo. I bakgrunnen somme av høgblokkene åt Universitetet i Oslo på Blindern.

Sporveien Trikken AS (tidlegare Oslo Sporvognsdrift AS og Oslotrikken AS) er eit norsk kollektivtrafikkselskap eigd av driftselskapet Kollektivtransportproduksjon AS som er eigd av Oslo kommune. Selskapet, som no er omorganisert under nytt namn, Sporveien Trikken AS, står for drift og vedlikehald av sporvognene samt drift og vedlikehald av infrastrukturen. Oslotrikken sel kollektivtransporttenester til administrasjonsselskapet Ruter AS.

Oslotrikken disponerer 72 sporvogner og 131,4 km med sporveg. Sporvegsnettet består av seks liner. Selskapet har omkring 450 tilsette.

Tidlegare samferdsleminister Torild Skogsholm har vore administrerande direktør (2007–2011).

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]