Osmo Lappo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Osmo Lappo
Statsborgarskap Finland
Fødd 6. desember 1927 (96 år)
Helsingfors
Yrke arkitekt, universitetslærar
Hertonäs kyrkje i Helsingfors, bygt 1958

Osmo Tapio Lappo (fødd 6. desember 1927 i Helsingfors) er ein finsk arkitekt. Han er kjend som ein av Finlands fremste innan betongarkitektur. Han har blant anna teikna brakkeanlegget for garnisonen i Vekarajärvi i Kouvola (1966–75). Det står på Docomomos liste over dei viktigaste moderne byggverka i Finland. Lappos stil er minimalistisk med volummessig enkle bygningseiningar og rimeleg materialbruk.

Han har teikna fleire andre militærbygg, skolar og symjehaller. I 1979 hadde han ansvaret for den nye kontorbygningen til IBM i Helsingfors, og i 1987 kom det eit andre byggetrinn her.

I 1978 fekk Lappo den finske staten sin arkitekturpris.  I 1962 fekk han tredjepris i ein konkurranse om nyutforming av Karl Johan-kvartalet i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]