Osram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Osram

BransjeHalvleiarar
Skipa1. juli 1919
HovudkontorMünchen
LandTyskland
NykelpersonarFelix Kallmann[1]
Nettstadhttps://www.osram.com (engelsk),[2] https://ams-osram.com/ (engelsk)[3]
Osram sitt hovudkvarter i Drammen ligg like ved E-18 gjennom byen.
Lyspæreprodusenten Osram har sidan tidleg på 1900-talet laga ei mengd ulike glødelamper og lysprodukt. Biletet viser modellen OSRAM DULUX D, eit 18 watts kompaktlysrøyr, frå 2004.
Osram lyspærer i butikk.

Osram er både eit varemerke for lyspærer, lysrøyr og andre lysprodukt, og eit firmanamn for ein tysk produsent av slike varer og for fleire underselskap av den tyske produsenten. Osram er ved sida av Philips verdas største lyspæremerke.

Nemninga osram vart registrert som varemerke allereie i 1902 og er eit teleskopord sett saman av delar av namna osmium og wolfram, grunnstoff som vert brukt til glødetråd i glødelamper.

Osram GmbH[endre | endre wikiteksten]

Osram GmbH vart danna i 1919 då industriselskapa AEG, Siemens & Halske og Deutsche Gasglühlicht slo saman produksjonen av glødelamper. Selskapet har sidan 1978 vore eit dotterselskap som er heileihd av Siemens AG. Osram GmbH har hovudkontor i München og omkring 40 000 tilsette fordelt på fabrikkar i tilsaman 19 land. Selskapet omsette for 38 milliardar kroner i 2007. Den tyske selskapsnamnet GmbH tyder Gesellschaft mit beschränkter Haftung, det vil seia «selskap med avgrensa ansvar».

Osram AS i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Den norske lyspærefabrikken Osram AS starta verksemda på Brakerøya i Drammen i 1916 under namnet AS Norsk Elektrisk Lampefabrikk (NEL). Osram-fabrikken var i mange år eit hjørnesteinføretak i Drammen, og i 1972 var det 235 tilsette der, den største mengda gjennom tidene. Den årlege produksjonen ved anlegget i Drammen var på det meste 35,6 millionar lyspærer. Osram AS har sidan 1991 vore eit underselskap av det tyske Osram GmbH. Det vart laga lyspærer i Drammen fram til 31. mai 2006. Etter det vart maskinene send til fabrikken i Slovakia og Osram i Noreg heldt berre fram med pakking av varer til den nordiske marknaden. Anlegget i Drammen vart lagd ned i 2008, men sal og administrasjon held fram ved hovudkontoret til selskapet på Vækerø utanfor Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.lamptech.co.uk/Documents/Companies/100%20Years%20of%20Osram.pdf; sitat: The lawyer, Felix Kallmann, the commercial director of the DGA, showed outstanding economic foresight and technical un- derstanding in supporting Blau and Remané’s experiments with tungsten. The two men had the advantage of having worked on the development of osmium. As early as 1905, they were able to deliver the first batch of lamps to the Physikalisch-Technische Reichsanstalt for durability tests..
  2. https://www.osram.com/cb/services/contact/index.jsp.
  3. https://www.ots.at/presseaussendung/OTE_20210303_OTE0007/eans-news-ams-ag-ams-domination-and-profit-and-loss-transfer-agreement-with-osram-in-force-ams-and-osram-to-commence-operations-as-one-company-to-serve-the-full-optical-solutions-value-chain.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]