Ossip Zadkine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ossip Zadkine

Statsborgarskap Frankrike, Det russiske imperiet
Fødd 4. juli 1888
Vitsiebsk
Død

25. november 1967 (79 år)
Paris

Yrke bilethoggar, kunstmålar, gravør, universitetslærar, illustratør, lærar, grafikar
Sjanger abstrakt kunst
Medlem av Koninklijke Vlaamse Academie van België voor Wetenschappen en Kunsten
Religion kristendom
Ektefelle Valentine Prax
Ossip Zadkine på Commons
Ødelagt by (1951-53) Leuvehaven i Rotterdam
Orphée (1948)

Ossip Zadkine (fødd 14. juli 1890 i Vitebsk i Kviterussland, død 25. november 1967 i Paris i Frankrike) var ein kviterussisk skulptør og biletkunstnar.

Zadkine studerte i Sunderland, London og i 1909 på École des Beaux-Arts i Paris, der han seinare busette seg og virka den største delen av livet sitt. Han gjekk ut som frivillig som båreberar i 1916-17 i den første verdskrigen og var i eksil i USA 1941-45, under den andre verdskrigen. Han var gift med kunstnaren Valerie Prax (1897 - 1981). Huset på rue d'Assas der dei budde og hadde sine atelier frå 1928 er no eit museum tileigna paret.

I Paris fekk han ei djup beundring for Rodin, men det var kubismen som gjorde det største inntrykket på han. I mange år eksperimenterte han, som Lipchitz, Laurens og Archipenko, med å omforme den nakne menneskekroppen til ein streng geometrisk komposisjon.

Døme på dei ekspressive skulpturane til Zadkine er Orfeus (Orphée 1948), Menneskeleg skog (Forêt humaine 1957) og Øydelagt by (Ville détruite, De verwoeste Stad, 1951-53). Det sistnemnte kunstverket er eit 6,5 m høgt minnesmerke i bronse over øydelegginga av sentrum i Rotterdam i tyske bomberaid i 1940.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]