Osteoporose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ei eldre kvinne med osteoporose som utvisar klassisk postural kyfose

Osteoporose («porøse knoklar», frå gresk: οστούν/ostoun «knokkel/bein» og πόρος/poros «pore»), oftast kalla beinskjørheit, er ein progressiv sjukdom i knoklane som er kjenneteikna av nedsett knokkelmasse og tettleik,[1] samt auka risiko for knokkelbrot.[2][3] Ved osteoporose er beintettleiken redusert, mikroarkitekturen i knoklane forvitrar, og mengden og variasjonen av protein i knoklane er endra. Verdsorganisasjonen for helse definerar osteoporose som beintettleik på 2,5 standardavvik[4] eller meir under gjennomsnittleg knokkelmasse, som målt ved røntgenabsorptiometri (DXA); omgrepet «etablert osteoporose» inkluderer nærværet av patologisk fraktur.[4][5] Sjukdomen kan klassifiserast som primær type 1, primær type 2, eller sekundær. Den forma for osteoporose som er vanlegast i kvinner etter menopause vert kalla primær type 1 eller postmenopausal osteoporose, og har samanheng med auka østrogenproduksjon etter menopause. Primær type 2 eller senil osteoporose oppstår etter fylte 75 år og finst hjå både kvinner og menn i forholdet 2:1. Sekundær osteoporose kan oppstå i alle aldrar og ramme både menn og kvinner i like stor grad; denne forma resulterer frå kroniske lidingar og sjukdom, eller langvarig bruk av medikament som til dømes glukokortikoidar, og vert då kalla for steroid- eller glukokortikoidindusert osteoporose.

Risikoen for osteoporotiske knokkelbrot kan reduserast med livsstilsendringar, samt medikament i dei med tidlegare knokkelbrot. Livsstilsendringar inkluderer diett, trening og fallførebygging. Ein amerikansk studie fann ikkje prov for at kalsium- og vitamin D-supplement kunne førebyggje knokkelbrot.[6] Bifosfonat er nyttig for dei som har hatt tidlegare brot, men har minimal effekt hjå dei utan tidlegare brot.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Reikerås, Olav; Kvien, Tore Kristian (13. februar 2009). «osteoporose». Store Medisinske Leksikon. Store Medisinske Leksikon. Henta 14. desember 2014. 
  2. «Beinskjørhet og brudd». Folkehelseinstituttet, fhi.no. Folkehelseinstituttet, fhi.no. 19. mars 2003. Henta 14. desember 2014. 
  3. Brian K Alldredge; Koda-Kimble, Mary Anne; Young, Lloyd Y.; Wayne A Kradjan; B. Joseph Guglielmo (2009). Applied therapeutics: the clinical use of drugs. Philadelphia: Wolters Kluwer Health/Lippincott Williams & Wilkins. s. 101–3. ISBN 0-7817-6555-2. 
  4. 4,0 4,1 «T17.2 Osteoporose». Norsk legemiddelhåndbok. Norsk legemiddelhåndbok. 22. mai 2013. Henta 14. desember 2014. 
  5. WHO (1994). «Assessment of fracture risk and its application to screening for postmenopausal osteoporosis. Report of a WHO Study Group». World Health Organization technical report series 843: 1–129. 
  6. Moyer, VA; on behalf of the U.S. Preventive Services Task, Force* (26. februar 2013). «Vitamin D and Calcium Supplementation to Prevent Fractures in Adults: U.S. Preventive Services Task Force Recommendation Statement». Annals of Internal Medicine 158 (9): 691–6. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.