Osterøy sogelag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Osterøy sogelag er eit sogelagOsterøy. Laget vart stifta 9. november 1986, , etter initiativ frå Osterøy museum. Det er Geir Kleiveland som er leiar.

Laget arbeider mest med å gjeva ut lokal-historiske bøker og sogeskrift. Sogeskriftet Osterøy i soge og samtid er kome ut kvart år sidan 1989, og sidan 2007 har laget òg gjeve ut ein kalender.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Gamalt bygdeliv på Osterøy av Monrad Solberg i 2013
  • Lengt mot fjell - diktsamling av Olav Meltvik i 2008
  • Ostringar på tinget - tingsaker frå Osterøy, avskrift frå Nordhordaland tingbok av Håkon Aasheim, to band i 1998 og 2008
  • Bak rattet - glimt frå rutebilferdsla på Osterøy av pensjonerte rutebilsjåførar i 2007
  • Gamle Lonevågen' av Maria Njåstad og Jon Solberg i 2006
  • Ein garva fotograf med fotografi tekne av Ola J. Borge, i 2005
  • Utan heim av Solveig Leknes i 2005
  • Osterøy til fots i 2003
  • Det var slik det var av Rolf Kleiveland i 2001
  • Stadnamn i Mjøsdalen av Odd Vevle i 2001 i lag med Hosanger sogelag
  • Gardssoga for Mjedlagardane av Torstein Selvik i 2000
  • Opplæring i Hardingfeleslåttar av Jon Jelmert i 1996
  • Fridom og fangenskap av Jørgen Tveiten i 1995
  • Likt og ulikt frå Revheim redigert av Åshild og Rune Revheim i 1992
  • Minne og opplevingar frå mange år av Johs. L. Hauge i 1990

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]