Osterfjorden i Troms

Koordinatar: 69°18′50.674″N 17°6′23.040″E / 69.31407611°N 17.10640000°E / 69.31407611; 17.10640000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

69°18′50.674″N 17°6′23.040″E / 69.31407611°N 17.10640000°E / 69.31407611; 17.10640000 Osterfjorden er ein fjordarm av Torskefjorden i Senja kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 3,5 km søraustover til Osteren i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Kongesneset i vest og Purkøyra i aust. Bortsett frå Osteren er det ingen busetnader ved fjorden. Osteren har ikkje vegsamband til resten av kommunen.