Ostern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Filmplakat for Krasnuje djavoljata, 'Raude djevlar'

Ostern (russisk И́стерн, Istern; eller остерн) er ein filmsjanger inspirert av westernfilmar, men laga i austblokkland. og i nokre høve også sett der i staden for det ville vesten. Ordet «ostern» er avleidd frå det tyske Ost som tyder 'aust'.

Ein kan skilja mellom to tilknytte sjangrar:

  • «Raud western» føregår i det ville vesten i USA, men tek for seg radikalt ulike tema og tolkingar enn amerikanske westernfilmar. Døme er Limonádový Joe aneb Koňská opera (Tsjekkoslovakia, 1964), Die Söhne der großen Bärin (Aust-Tyskland, 1966), Pruncul, petrolul și ardelenii, (Romania, 1981) eller Tsjelovek s bulvara Kaputsinov (Человек с бульвара Капуцинов, Sovjetunionen, 1987). Desse filmane blei typisk laga i austeuropeiske land som Aust-Tyskland og Tsjekkoslovakia heller enn i Sovjetunionen.
  • Ostern sett i austen føregår vanlegvis på steppene eller i asiatiske delar av Sovjetunionen, særleg under den russiske revolusjonen eller den påfølgjande borgarkrigen. Dei har ein stil som minnar om amerikanske westernfilmar. Døme på desse er Neulovimje mstiteli (Неуловимые мстители, 1966) og to oppfølgjarar, Ørkenens hvite sol (Белое солнце пустыни, Beloye solntse pustyni, 1970), Dauria (1971), Svoj sredi tsjuzjikh, tsjuzjoj sredi svoikh (Свой среди чужих, чужой среди своих, 1974), Ognennje versty (Огненные вёрсты, 1957), Telokhranitel (Телохранитель, 1979) og Sjestoj (Шестой, 1981).

Raude westernar er ofte blitt samanlikna med spaghetti-western, sidan begge typar lokale landskap til å imitera den amerikanske vesten. EIn nytta særleg landskap i Jugoslavia, Mongolia og sørlege Sovjetunionen.

Osternar sett i austen føregjekk gjerne på steppene i Kaukasus eller ørkenane i Sentral-Asia. Typiske westernfigurar som «cowboyar» og «indianarar» blei erstatta av kaukasiske eller asiatiske figurar, som bandittar og haremsfolk. Eit kjent døme på sjangeren var White Sun of the Desert, som var svært populær i Sovjetunionen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wright, Esmee (19. juni 2019). «Untold Stories: Bollywood and the Soviet Union». Varsity. Henta 31. mai 2020.