Osumi-halvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Satellittbilde av Osumihalvøya.
Osumihalvøya i Japan.

Osumi-halvøya (japansk 大隅半島, Ōsumi Hantō) er ei halvøy heilt sør på den japanske øya Kyushu. Det sørlegaste punktet på øya, kapp Sata, ligg her.

Halvøya har kyst mot Stillehavet i aust og Kagoshima-bukta med Satsumahalvøya på den andre sida i vest. Ho høyrer til Kagoshima prefektur.

I 1914 blei vulkanen Sakurajima ein del av halvøya gjennom eit utbrot som band saman den tidlegare øya med nordvestsida av Osumihalvøya.

Koordinatar: 30°59′39″ N 130°39′39″ E

Kjelder[endre | endre wikiteksten]