Oswald Spengler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oswald Spengler

Fødd29. mai 1880
Blankenburg
Død8. mai 1936
München
NasjonalitetTyskland
Yrkehistorikar, filosof, sosiolog, matematikar, skribent
Alma materMartin-Luther-Universität Halle-Wittenberg
Humboldt-Universität zu Berlin
Ludwig-Maximilians-Universität München
DoktorgradsrettleiarAlois Riehl

Oswald Arnold Gottfried Spengler (29. mai 18808. mai 1936) var ein tysk historiefilosof og kulturhistorikar.

Hovudtrekka i teoriane til Spengler kan sporast tilbake til utviklingsteoriane som var den vestlege filosofiske arven etter Friedrich Hegel, ein tradisjon som også Karl Marx, Herbert Spencer og Henri Bergson verka innan. Til forskjell frå desse tre, var han påverka av Nietzsche sin teori om den evige attkomma til alle ting, sjøl om storheitene han studerte galdt historiske sivilisasjonar og ikkje individ. Historiesynet som Spengler står for er nærast mystisk, og er i grunnen eit utslag av trua hans på den naturlege syklusen til den historiske utviklinga; dette i motsetning til den lineære tidsoppfatninga. Han var ein føregangsmann for tysk hegemoni, og var i ideologisk omdøme konservativ revolusjonær.

Vesterlandets undergang[endre | endre wikiteksten]

Spengler er best kjend for verket sitt Vesterlandets undergang (tysk Der Untergang des Abendlandes) i to band (1918–1922). Han stiller dei tyske dydane opp mot den individuelle konkurransen i England og egalitarismen i Frankrike. Denne prøyssiske ånda, som blir fyldigere skildra i Preussentum und Sozialismus (1921), inneber at den suverene makta ligg hjå ein organisk heilskap som individet oppgår i, ei «kosmisk» total eining som ein går inn i med heile seg. Den mytologiske sjelen til den tyske nasjonen kjem ifølgje Spengler frå historiske tradisjonar og den idémessige verda, snarare enn frå biologien, som nasjonalsosialistane hevda.

Spengler meinte at historia var syklisk, og gjennom forskinga si på mellom anna Romarriket og utviklinga til Egypt spådde han fallet til den vestlege høgkulturen. Den sykliske historieutviklinga blir framstilt metaforisk som skiftingane mellom årstidene, der våren er fødselen til sivilisasjonen og vinteren er tida han døyr; metaforikken er òg sentral for bevisføringa.

I sivilisasjonskritikken sin vendar Spengler seg mot pengemakta over det konkrete livet. Kampen for sjela til nasjonen må derfor, ifølgje hans syn, utkjempast mot eit «indre England», det vil seia finansinteressene og den liberalt demokratiske Weimarrepublikken. I det siste verket sitt skreiv han at sosialismen berre er dei fattige si form for kapitalisme, og allereie i Vesterlandets undergang kritiserer han den frie pressa.

Ifølgje Spengler er kampen for «det muliges kunst» gjennom «kosmiske einingar» som verken er «borgarlege» eller «plebeiske» ikkje noko anna enn sjølve vesenet til livet. Dette høgare sameinande målet inneber plikt, gjerning og forsaking. På same måte er teoriane hans eit oppgjer med den lineære tids- og romoppfattinga som har vore dominerande sidan opplysingstida. Myten om det «faustiske» mennesket som Spengler forfektar finnar han ikkje berre i den germanske heltediktinga, men også i ulike kulturar, epokar og land – ikkje minst i Mahabharata frå indisk tradisjon, og hjå dei japanske samuraiane.

Spengler sine teoriar og nasjonalsosialismen[endre | endre wikiteksten]

Herbert Tingsten snakkar om Spengler sin innverknad på nasjonalsosialismen i Begrepet «sosialisme» i nasjonalsosialismen, og skriv at skilja på den eine sida er betydelege mellom Spengler og nazismen, og at nokre nasjonalsosialistiske leiarar skarpt kritiserte visse av verka hans. På den andre sida, skriv Tingsten, har Preussentum und Sozialismus vore «rettleiande for mange av teoretikarane i det tredje riket».

Spengler stemte fyrst på nazistane, men kom seinare til å avvisa nasjonalsosialismen, og enda opp som antinazist. I dei siste verka hans, Jahre der Entscheidung, var brotet totalt, og dette førte til at han blei landsforvist av nazistane. Trass Spengler sin personlege opposisjon mot nazismen, har det vore heftande ved han at han med delar av verkane sine kom til å påverka tankeverda til dei tyske nazistane.

Innverknad i ettertid[endre | endre wikiteksten]

Spengler sine tankar om samfunnet har mellom anna påverka den finske filosofen Georg Henrik von Wright. Han har òg påverka Samuel P. Huntington (Kulturenes kamp) og Bassam Tibi (Sivilisasjonenes krig). Den amerikanske politikaren Henry Kissinger har kalla Spengler læremeisteren sin når det gjeld skjebnen til nasjonar.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Der Untergang des Abendlandes (Vesterlandets undergang) (1918–22; 1–2)
  • Preussentum und Sozialismus (1921)
  • Der Mensch und die Technik (1931)
  • Jahre der Entscheidung (1934)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]