Otago Peninsula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Otago Peninsula
Eit NASA satellittfoto av Otago Peninsula og Otago Harbour.
Eit NASA satellittfoto av Otago Peninsula og Otago Harbour.
Styresmakter
Land
Region
Distrikt
New Zealand New Zealand
Otago
Dunedin
Geografi
Koordinatar 45°51′30″S 170°39′00″EKoordinatar: 45°51′30″S 170°39′00″E
Tidssone
- Ved sommartid
+12 (UTC)
+13 (UTC)
Plassering
Otago Peninsula is located in New Zealand

Halvøya Otago Peninsula er ei lang, åskledd og oppriven fingerforma landtunge som utgjer den austlege delen av DunedinNew Zealand. Ho er av vulkansk opphav, og dannar ei side i den eroderte dalen som no dannar Otago Harbour. Halvøya ligg søraust for Otago Harbour og går parallelt med kysten til Sørøya i 20 km, og er 9 km på det vidaste. Ho er festa til fastlandet i sørvest med ei smal landtunge, om lag 1,5 km vid.

Forstadane til Dunedin samlar seg i den vestlege enden av halvøya, og sju småbyar og lokalsamfunn ligg langs stranda mot Otago Harbour. Det meste av landet er tynt busett og består av bratte og opne beitemarker. Halvøya er tilhaldsstad for mange artar ville dyr, særleg sjøfuglar, selar, og pingvinar, og fleire økoturistselskap er verksame i området.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Halvøya vart danna på same tid som åsane som møter henne på den andre sida av hamna, som del av ein stor, for lengst utsløkt vulkan. Fleire av fjelltoppane på halvøya, særleg den med det treffande namnet Harbour Cone, viser klart det vulkanske opphavet sitt i fasongen. Desse klippene vart bygde opp for mellom 13 og 10 millionar år sidan.

Mykje av halvøya er bratt bakkelandskap, der dei høgaste toppane er Mount Charles (408 m) og Harbour Cone ved Sandymount. To tidevassinnøp ligg på Stillehavssida til halvøya, Hoopers Inlet og Papanui Inlet. Mellom desse ligg landtunga Cape Saunders. I nærleiken ligg dei 250 m. høge klippene Lovers' Leap og The Chasm.

Ved innløpet til Otago Harbour hevar halvøya seg mot Taiaroa Head, heim til ein hekkande sjøfuglkoloni med nordleg kongealbatross, den einaste kolonien med albatrossar som finst på ei bygd øy. Utkikssenteret til albatrosskolonien er ein av dei store attraksjonane for økoturisme på halvøya, saman med anna dyreliv som selar og gulaugepingvinar. Det meste av Otago Peninsula er privat eigd jordbruksland, med eit aukande tal av små driftseiningar eller «livsstilsblokker». Somme stadar med biologisk mangfald som til dømes Taiaroa Head, vert forvalta som dyrelivsreservat. Mange artar av sjøfuglar, og særleg vadefuglar held til ved tidevassinnløpa, mellom desse skeistorkar, rustbuklo og hegrer.

Stylteløpar på halvøya.

Langs Stillehavskysten på halvøya ligg det fleire strender som er langt nok unna Dunedin til å vera tynt befolka, sjølv midtsommars. Mellom desse er Allan's Beach, Boulder Beach, Victory Beach og Sandfly Bay.

I Victory Beach, oppkalla etter forliset til Victory i det 19. hundreåret, som fann stad i nærleiken av denne kysten, finst ein klippeformasjon som lokalt vert kalla "The Pyramids" fordi han liknar på dei gamle egyptiske monumenta. Sandfly Bay, har ikkje fått namnet sitt frå sandfluger, men frå sanden som vert blåst opp av vinden, og som er tilgjengeleg via ein sti gjennom nokre av dei høgaste sanddynene på New Zealand, somme av desse løfter seg meir enn 100 meter over stranda.

Av andre turistattraksjonar på halvøya er Larnach Castle, ein restaurert kystforsvarspost, og eit krigsminnesmerke forma som ei gravrøys. Der er utsikt over byen og landskapet om kring frå Highcliff Road, som går langs ryggen på halvøya.

Det totale folketalet på halvøya er mindre enn 10 000, om lag halvparden av desse er busette i forstadane til Dunedin som ligg i den vestlege enden, som til dømes Vauxhall og Shiel Hill. I storparten av lengda på halvøya er berre landstripa langs Otago Harbour busett, med ei rekkje mindre busetnader spreidd langsetter. Den største av desse er Macandrew Bay (den største busetnaden på halvøya med eit folketal på 1 100), Portobello, og Otakou, som var staden for den første permanente europeiske busetnaden i hamna, og staden der det vart bygd ein tidleg kvalfangststasjon, noko som er markert på den nærliggjande Weller's Rock.

Panorama av Otago Peninsula frå Mount Cargill, mot søraust over Otago Harbour. Heilt til venstre er hamnemunningen, Aramoana og Taiaroa Head. Nær sentrum ligg Harbour Cone, og under dette Broad Bay. Portobello og Macandrew Bay ligg høvesvis til venstre og høgre. Quarantine Island/Kamau Taurua ligg i midten til venstre, overfor Port Chalmers.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før-Europeisk busetjing[endre | endre wikiteksten]

Māorimøtehus i Otakou. (Otakou marae whare runanga.

)

Moderne arkelogisk oppfatning er at dei første menneskelege busetjingane på New Zealand fann stad kring år 1100 AD, der folk busette seg på austkysten til Sørøya. I gammal tid (eller i moajegertida) var Otago Peninsula eit relativt tett bygd område i sentrum av den mest folkerike delen av landet.

Eit kart over arkeologisk påviste māoribusetnadar for Otago Conservancy, syner mange fleire på Otago Peninsula enn andre stadar i regionen[1]. Eit anna, som berre syner dei frå den arkaiske (forhistoriske) perioden, viser klynger av busetnadar på halvøya og langs kysten over hamna mot vest og nord[2]. Dette var ei av tre meir eller mindre tydelege klynger på søraustkysten til Sørøya: ei låg frå om lag Oamaru sør til Pleasant River; ei anna frå Waikouaiti i sør, denne omfattar Otago Peninsula og smalnar av ved Kaikorai-estuaret; ei anna strekkjer seg sørover frå munningen til Clutha. Klyngene omfattar nokre få større område. På Otago Peninsula er ei ved Little Papanui av medels storleik, medan den ved Harwood Township er ei av dei største. Desse, og talrike mindre stadar er godt synlege, men ofte ikkje oppfatta av tilreisande som det dei er.

Folket som heldt til her var av polynesisk avstamming og kultur, forfedre til moderne māoriar, som levde av å jakta på store fuglar, særleg den no utrydda, ikkje flygedyktige moafuglen, men dei dreiv og selfangst og fiskeri.

Smykke av kvalbein, som er funne ved Little Papanui, vart laga av dei tidlege innbyggjarane på staden, og er no å sjå i Otago Museum i Dunedin. Ein meiner at dei lågaste nivåa i denne busetnaden har vore i bruk ein gong mellom år 1150 og 1300. Ein annan busetnad på halvøya, ved Papanui Inlet, ser ut til å ha vore busett i det same tidsrommet, det samme gjeld den store busetnaden ved Harwood Township[3]. Det ser ut til at Little Papanui og Harwood har vore permanente busetnadar, ikkje mellombels leirstadar. Ei einskild radiokarbondatering frå Harwood tyder på at staden også var i bruk i 1450[4]. Muntlege overleveringar hjå sørlege māoriar fortel om fem etterfølgjande folkegrupper som kom til halvøya. Medan dei tidlegaste, Kahui Tipua, synest å vera eit mytisk folk i segnene, er den moderne antropologiske oppfatninga at dei ikkje desto mindre representerer eit historisk folk som har vorte omgjeve av legender[5][6]. Te Rapuwai var dei neste, og ser ut til å ha vorte etterfølgde av to Waitahastammar, men somme har påstått at dette i røynda var ein fordi «Waitaha» også vart brukt som eit samlenamn for alle tidlegare stammar av dei som kom seinare. «Te Rapuwai» har kanskje òg vore bruka på samme måten[5].

Det gjekk attende med Moafuglen og moajegerane, men ein ny, klassisk māorikultur steig fram, kjenneteikna av bygging av pa, (befesta landsbyar), og nye stammar kom fram til Otago Peninsula. Det ser ut til å ha vore aukande utnytting av røtene til drakeliljetreet (Cordyline australis), og 'umu ti', jordomnar, breidde seg snøgt over somme delar av halvøya, noko som viser at jorda vart intenst utnytta.

Harbour Cone på Otago Peninsula.

Kati Mamoe (Ngāti Mamoe i moderne standard māori) kom seint i det 16. hundreåret. Kai Tahu (Ngāi Tahu i standard māori) kom om lag hundre år seinare. Pukekura, ein festning på Taiaroa Head, vart bygd omkring 1650. Nærliggjande landsbyar på Te Rauone Beach daterer seg kanskje frå den same tida. Terassene ved Pukekura synest enno, og somme av dei vart innbygde i dei seinare europeiske forsvarsverka.

Mange segner som har overlevd frå denne perioden handlar om personar som Waitai og Moki II, som til ulik tid båe budde ved Pukekura pa. Ei av dei best kjende fortel om Tarewai, som er vanskeleg å plassera tidsmessig, men som stamma frå Kai Tahu-stammen. Han fekk herredøme over Pukekura, men var i konflikt med iwien Kati Mamoe ved Papanui Inlet, og føretok ei vidgjeten flukt attende til Pukekura ved å hoppa frå ei klippe som enno er kjend som Tarewai's Leap (spranget til Tarewai). Det hadde vore usemje om fiskerettane til Kati Mamoe i Papanui Inlet. Ein særskilt vakker fiskekrok av kvalbein er funnen her, og er no i Otago Museum.

Innvandringa frå Europa[endre | endre wikiteksten]

Utsikt over Port Chalmers og Otago Harbour mot Otago Peninsula, Harbour Cone oppe i midten.

Kaptein James Cook segla langs kysten i februar 1770, og namngav Cape Saunders etter admiralitetssekretæren. Karta hans viser ei havbukt på staden til Hooper's Inlet, ein stad som kan ha vorte utforska og namngjeven av Charles Hooper, høvedsmann på den engelske selfangstskuta til Daniel Cooper, «Unity», sommaren 1808-09. Selfangarar brukte hamna om lag frå denne tida, og ankra truleg opp utanfor Wellers' Rock, det moderne Otakou, der det låg ein eller fleire svært utbreidde māoribusetnadar. Selfangarkrigen (også kjend som «Skjortekrigen») vart utløyst av ei hending i Sydney Cove i Otago Harbour seint i 1810, medan mannskapet fanga sel ved Cape Saunders. Dette utløyste seinare den australske oppdagaren James Kelly sitt åtak på 'City of Otago', truleg busetnadar ved Te Rauone, i desember 1817, etter at nybyggjaren William Tucker og andre hadde vorte drepne ved Whareakeake («Mordarbukta»), nokre få kilometer nordafor. Fredstilstand vart oppattretta i 1823. I 1826 kom Rosanna og Lambton, dei første skipa til New Zealand Company, og hadde med dei første dokumenterte europeiske kvinnene. Frå denne tida stammar òg teikningane til Thomas Shepherd frå halvøya, dei eldste ein kjenner til, og som no finst i Mitchell Library i Sydney. I november 1831 grunnla brørne Weller, Joseph, George og Edward, kvalfangststasjonen sin ved Wellers Rock.

I løpet av eit turbulent tiår voks Weller sitt føretak i Otago til å verta det største i landet, og hamna vart eit internasjonalt senter for kvalfangst. Europeiske kvinner var til stade på staden heilt frå byrjinga. Det kom til konfliktar med māoriar som vart utsette for meslingepidemiar og influensa i 1835 og 1836. Kvalfangsten fall saman i 1839, og Dumont D'Urville, ein tilreisande fransk oppdagar, skreiv i mars 1840 at både dei europeiske busetnadane og māorisamfunna handla med alkohol og sex. Waitangitraktaten vart underteikna på halvøya i juni, sjølv om Sørøya alt var annektert av Storbritannia gjennom «retten ved oppdaging». Den første kristne gudstenesta vart halden på halvøya seinare det samme året i Otago ved biskop Pompallier. I 1841 tok Octavius Harwood og C.W. Schultze over verksemda til Weller.

Cape Saunders på OtagoPeninsula.

I 1844 heldt māoriane attende land ved Otago Heads då dei selde området Otago Block til samskipnaden Otago Association, som oppretta busetnadar for den skotske frikyrkja. Charles Kettle, leiaren i samskipnaden, la ut forstadstomter og landlege busetnadsområde i 1846-47. Med dei første immigrantskipa tidleg i 1848 vart fokuset på busetjing flytta til Dunedin, medan Port Chalmers på den andre sida av Otago Harbour overtok for Otago som den internasjonale hamna. I desember vende den sekulære leiaren i busetnadane i Otago, William Cargill, seg til styresmaktene med ønskje om å setja inn att det opphavlege namnet Otago på området, og vart imøtekomen. Den gamle kvalfangarbusetnaden og dei omliggjande māoribusetnadane hadde no vorte til Otakou[7]

Framvoksteren av moderne busetnad[endre | endre wikiteksten]

Medan Dunedin vaks til, utvikla også den sørlege enden av halvøya seg, og vart til eit rekreasjonsområde for byen, og deretter ein forstad. Den naturlege krattskogen vart rydda over det meste av halvøya, og førte med seg ei stor omdanning av landskapet. Busetnadar vart oppretta langs kysten på nordsida til Otago Peninsula, langs Highcliff Road på den høgaste ryggen av halvøya, og i den tidlege fasen med europeisk busetjing, også i dei meir vêrharde liene langs Stillehavskysten.

Kalkbrennaromn på halvøya.

Under gullrusjet i Otago i 1860-åra vart det opna fornøyelsesparkar ved Vauxhall, George Grey Russell bygde huset sitt ved Glenfalloch og William Larnach kjøpte seg eit område til det store huset sitt ved Pukehiki, Larnach Castle[8]. Det vart bygd ei fyrlykt ute på Taiaroa Head i 1864, og med hjelp av straff-fangar, stundom også maoriar tekne som krigsfangar, starta arbeidet med å byggja den svingete vegen langs stranda, med dei karakteristiske murane av lokal stein. Over det rydda landet sette nybyggjarane opp tørrmursgjerde etter mønster av 'Galloway Dykes', eit anna iaugefallande og karakteristisk trekk i landskapet, der det einaste andre dømet på New Zealand ligg oppe på høgdene på den andre sida av hamna[9]. Kalkbrennaromnar av sandstein vart bygde nær Sandymount i 1864.

Landet vart først brukt til blandingsjordbruk, seinare gjekk ein over til mjølkeproduksjon. Her vart det første meierikooperativet på New Zealand grunnlagt i Springfield ved Highcliff Road, i 1871. Halvøya vart gjort til county i 1876, og det administrative senteret vart lagt til Portobello. I 1880-åra var det otte for ein russisk invasjon, og det vart bygd utstrekte kystforsvarsverk på Taiaroa Head. Ferjer batt saman busetnadar i Otago Harbour med byen og Port Chalmers.

I 1904 vart eit sjøfiskklekkeri etablert ved Aquarium Point i Portobello. Eit anna døme på endra haldningar til naturleg dyreliv var at den spontant sjølvoppretta albatrosskolonien ved Taiaroa Head i 1920-åra vart omsorgsfullt teken vare på i vitskapleg interesse.

Gjennom det 20. hundreåret endra arealbruken seg, etter som dreneringa og dyrkinga av Taieri Plains til slutt førte til tilbakegang av meieribruk og blanda jordbruk på halvøya med overgang til utstrekte beitemarker. Folketalet på landsbygda avtok, særleg langs Stillehavskysten, og etterlatne bustadar og vegar forfall sakte bak utplanta montereysypress og hagtorn. Det oppbygde, «europofiserte» landskapet fekk no ein aura av tilsynelatande forfall, og tok til å sjå «naturleg» ut att, noko uvanleg for eit relativt nykolonisert land som New Zealand å vera. Dette trekte til seg merksemd frå tilreisande og kunstnarar. Colin McCahon, den mest kjente kunstmålaren på New Zealand, arbeida ut sin første visjon av newzealandsk landskap gjennom studiar på halvøya, det mest gjennomførte vart måla i 1946-49, og som no er i byen si eige, og utstilt i det offentlege biblioteket, Dunedin Public Library.

Radiomaster vart sette opp ved Highcliff, og nedgangen i folketalet på landsbygda vart kompensert av voksteren til busetnadane ved hamna. Vegane betra seg, og ferjene vart borte. Etter den andre verdskrigen vart garnisonen ved Taiaroa Head dregen attende, og fyrlykta automatisert. University of Otago tok over klekkeriet som eit vitskapleg institutt, og det kommersielle føremålet fall bort. Byen Dunedin tok opp i seg Peninsula County i 1967, og lova å utvida vass- og kloakknettet.

I dei seinare tiåra har det kome til aukande forstadsutnytting av busetnadane på halvøya, ein del «livsstilsutvikling» langs hamna og ein aukande turisttrafikk.

Otago Peninsula er ein av dei få stadane på New Zealand der det over alt er synlege prov på langvarig menneskeleg busetnad. I eit storslått, men ganske avgrensa naturområde, er utfordringa å oppretthalda balansen mellom det menneskeskapte og det naturlege under ei utvikling med aukande busetnad og turisme i dette området.

Naturhistorie[endre | endre wikiteksten]

Det er ein variert flora og fauna på the Otago Peninsula. Observert fugleliv omfattar den trua gulaugepingvinen, Megadyptes antipodes,[10] dvergpingvin, skarvar, gekkoen Naultinus gemmeus og kongealbatross. Sel- og sjøløvekoloniar har teke seg opp att gjennom det 20. hundreåret. Ein flokk newzealandsk pelssel og Newzealandsjøløve lever no kring Taiaroa Head. Sørleg sjøelefant og leopardselar skal også ha vore observert her.

I 1975 vart det observert ein kval i Otago Harbour for første gong etter kvalfangstperioden, og talet på observasjonar av større kvalar i området er aukande. Sørkaper, hovudmålet for strandfangst av kvalar, vart jakta nærmast til utrydding, men bestanden er sakte aukande, og kan no og då verta observerte utnafor Otagokysten i trekksesongen, saman med knølkvalar[11]. Av andre bardekvalar der det er stadfesta observasjonar dei seinare åra, er blåkval[12] og vågekval[13]. Fleire artar av delfinar eller småkvalar dukkar stadig opp kring halvøya: skuggedelfin, tumlar, vanleg delfin, og den trua hektordelfinen. Spekkhoggarar er å sjå frå og til. Spermkvalar (Physeteroidea), grindkvalar og somme artar av nebbkvalar held til lenger ute på havet, men strandar ein sjeldan gong.

Turistattraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Fletcher House i Broad Bay

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. (Hamel 2001) fig. 1
  2. (Hamel 2001) fig. 2
  3. (Anderson 1983, s. 7)
  4. (Entwisle 1976, s. 8)
  5. 5,0 5,1 (Anderson 1993, s. 7)
  6. (Anderson 1998, s. 13)
  7. (Entwisle 1998, s. 137)
  8. (Knight 1978, s. 51 & 53)
  9. Informasjon om bygging av tørrmurar i Skottland.
  10. (C. Michael Hogan 2009 p.1)
  11. Benson, Nigel (29 April 2009). «Beholding bounty, beauty and a beast». Otago Daily Times. 
  12. http://www.wildlife.co.nz/galleries/G14_Newsletter-24_4_08.html
  13. Rudd, Allison (20 October 2008). «Dwarf minke pays a surprise visit». Otago Daily Times. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Media knytt til Otago Peninsula på Wikimedia Commons

  • Anderson, Atholl (1983), When All the Moa-Ovens Grew Cold : nine centuries of changing fortune for the southern Maori, Dunedin, NZ: Otago Heritage Books 
  • Anderson, Atholl; Allingham, Brian; Smith, Ian W G (1996), Shag River Mouth : the archaeology of an early southern Maori village, Canberra, Australia: Australian National University, ISBN 0-7315-0342-1, OCLC 34751263 
  • Anderson, Atholl (1998), The Welcome of Strangers : an ethnohistory of southern Maori A.D. 1650-1850, Dunedin, NZ: University of Otago Press with Dunedin City Council, ISBN 1-877133-41-8 pb 
  • Dann, Christine; Peat, Neville (1989), Dunedin, North and South Otago, Wellington: GP Books, ISBN 0-477-01438-0 
  • Entwisle, Peter (1976), The Otago Peninsula, Dunedin: John McIndoe, ISBN 0-908565-23-2 
  • Entwisle, Peter (1998), Behold the Moon, the European Occupation of the Dunedin District 1770-1848, Dunedin, NZ: Port Daniel Press., ISBN 0-473-05591-0 
  • Hamel, J (2001), The Archaeology of Otago, Wellington, NZ: Department of Conservation, ISBN 0-478-22016-2 
  • Hogan, C. Michael (2009), N. Stromberg, ed., Yellow-eyed Penguin: Megadyptes antipodes, GlobalTwitcher.com, http://globaltwitcher.auderis.se/artspec_information.asp?thingid=222 
  • Knight, Hardwicke (1978), Otago Peninsula : a local history, Broad Bay, NZ: Hardwicke Knight