Oterfjøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moderne oter med dobbel fjøl og line.

Oterfjøl eller oter er ein manuell fiskereiskap som oftast vert nytta frå båt eller langs stranda, der tilhøva gjer det mogleg. Fisking med oterfjøl vert kalla otring. Det er helst for å fiske aure og røye i ferskvatn at ein otrar.

Oterfjøla, som tradisjonelt er av tre, er om lag 60 cm lang, 1,8 cm tjukk og 15–18 cm brei, med ei rand av bly eller jarn langs eine langsida som får fjøla til å stå loddrett i vatnet. Otringa går føre seg på det viset at ein styrer eller dreg fjøla med ei lang line som det er festa småsnøre med små floger eller slukar til med ein fråstand på om lag tre meter, slik at krokane ikkje hektar seg inn i kvarandre. Av di oterfjøla skjer seg ut og vekk frå båten eller stranda når ho vert dregen, kan ein fiske over eit stort areal med desse småsnøra. Nyare oterfjøler har ein mekanisme som gjer oteren vendbar, slik at ein kan fiske fleire gonger på same strekninga. Når fisken har bite på, må fjøla dragast inn til båten eller på land for å berge fisken.