Othar Holmboe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Othar Holmboe
Fødd 1. mars 1868
Vefsn
Død

5. november 1928 (60 år)
Son

Yrke illustratør, kunstmålar, farmasøyt
Othar Holmboe på Commons
Reklameplakat frå Norges Statsbaner

Othar Holmboe (1. mars 18684. november 1928) var ein norsk apotekar, illustratør og kunstmålar.

Othar Holmboe vart fødd i Vefsn men voks opp i Tromsø. Her vart han utdanna til farmasøyt (1887), og var med i etableringa av Tromsø Kunstforening med far sin, Othar Ervigius. Seinare vart han, som bror sin, Thorolf Holmboe, student ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Kristiania med studieturar til Paris (1896) og København (1900). Han debuterte på Høstutstillingen i 1898.

Holmboe hadde eit breitt interessefelt, illustrerte m.a. Gabriel Scotts Lillehavns mysterier (1898), dekorerte altartavla i Såner kyrkje, og utgav biografien Foged Jens Holmboes efterkommere, Bogtrykkeriet Concordia (1890). Holmboe teikna også plakatseriar som NSBs Norge - Midnatsolens Land (1905) og Mustads margarin (1905). Han busette seg etterkvart i Son, der han dreiv apotek og var ordførar.

Othar Holmboe døydde på Jessheim i 1928. Han er biografert i pamfletten Thorolf og Othar Holmboe, Tromsø Kunstmuseum (1996).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]