Othmar Schneider

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Othmar Schneider
Fødd 27. august 1928
Lech
Død

25. desember 2012
Oslo

Othmar Schneider (27. august 192825. desember 2012) var ein austerriksk alpin skirennar og seinare pistolskyttar frå Lech i Vorarlberg som vann ein gullmedalje og ein sølvmedalje i dei apine greinene under vinterleikane i Oslo i 1952.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Alpinidrett[endre | endre wikiteksten]

Schneider tok sølvmedaljen i utforrennet på Norefjell under Vinter-OL 1952, slått av italienaren Zeno Colò med 1,2 sekund. Tre dagar seinare vart han olympisk meister då han vann slalåmrennet i Rødkleiva, 1,2 sekund framom Stein Eriksen og 1,7 sekund føre Guttorm Berge.

I VM i alpine greiner 1954 i Åre kom Schneider på delt fjerdeplass i storslalåm. Han deltok i slalåm under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo, der han enda som tolvtemann.

Skyting[endre | endre wikiteksten]

Etter nokre år som profesjonell skirennar byrja Schneider med konkurranseskyting med pistol. Perioden 1965-75 deltok han i fleire internasjonale meisterskap, høgdepunktet kom då han med Austerrike sitt lag i fripistol tok bronsemedalje under verdsmeisterskapen i Thun i Sveits.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Othmar Schneider – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.