Othoní
| Othoní Lokalt namn Οθωνοί | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Dei joniske øyane |
| Koordinatar | 39°51′N 19°25′E / 39.850°N 19.417°E |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining Kommune | Dei joniske øyane Kérkyra Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane |
| Hovudsete | Othoní (206 innb.) |
| Demografi | |
| Folketal | 386 (2021[1]) |
Othoní (gresk Οθωνοί) eller Fano er den vestlegaste av dei greske øyane. Ho er den største av dei diapontiske øyane, ei gruppe småøyer nordvest for Kérkyra i Dei joniske øyane. Administrativt høyrer Othoní til periferieininga Kérkyra i periferien Dei joniske øyane, og var tidlegare eigen kommune. Øya vart innlemma i kommunen Kérkyra i 2011, men inngår frå 2019 som ei kommunaleining i kommunen Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane.[2][3]
Ved folketeljinga i 2021 hadde øya og kommunaleininga Othoní 386 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 206 innbyggjarar.[1]
På 1800-talet var øya hovudsete for kommunen Diapóntiaøyane, som bestod av øyane Othoní, Erikoússa og Mathráki. Dei fleste innbyggjarane på øya har sitt opphav i folk frå Paxí som busette seg her i 1570-åra.
I ei grotte nær Aspros Ammos-stranda skal i følgje segna Kalypso ha halde Odyssevs til fange.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 2023-07-30, henta 2023-09-07{{citation}}: Invalid|url-status=yes(hjelp) - ↑ Νόμος 4600/2019 - ΦΕΚ 43/Α/9-3-2019
Lov 4600/2019: Endringar i Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 2023-08-01, henta 2023-09-07{{citation}}: Invalid|url-status=yes(hjelp)
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Othonoi frå Engelsk Wikipedia .