Otilie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Otilie, også skrive Otelie, er eit kvinnenamn som er avleida frå det tyske kvinnenamnet Oda. Otilie er ei latinisering av det gamaltyske Odila, som igjen er ei diminutivsform av Oda. Tilla har vore brukt som kortform for Otilie.

Otilie i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Sist på 1800-talet var Otilie eit vanleg bruka namn i Noreg. Etter 1930-talet vart namnet lite bruka. Pr. 1. januar 2006 var det 136 kvinner i Noreg som hadde Otilie eller Otelie som fyrste førenamn, 75 av desse bruka forma Otilie og 61 bruka Otelie.

Fiktive figurar som heiter Otilie[endre | endre wikiteksten]

  • Otilie Senne – i romanen Godwi oder Das steinerne Bild der Mutter frå 1801–02, av den tyske forfattaren Clemens Brentano.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]