Hopp til innhald

Otis Davis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Otis Davis


StatsborgarskapUSA
Fødd12. juli 1932
Tuscaloosa
Død 14. september 2024 (92 år)
North Bergen
Idrettfriidrett
Tok del i Sommar-OL 1960

Otis Crandall Davis (12. juli 193214. september 2024) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Tuscaloosa i Alabama som vann to gullmedaljar under Sommar-OL 1960.

Otis Davis spring USA inn til gull på den lange stafetten under Sommar-OL 1960, med tyske Carl Kaufmann hakk i hæl

Davis gjorde teneste i fire år i USA sitt flyvåpen. Mellom anna deltok han i Koreakrigen. Deretter studerte han ved University of Oregon, der han var aktiv på basketball-laget.

26 år gammal byrja Davis å trene friidrett. I sin fyrste sesong tevla han på dei to kortaste distansane, men i 1959 satsa han på 400 meter. Han sette personleg rekord med 45,8 sekundar då han i 1960 vart USA-meister.

På plass i Roma vann han sin OL-semifinale med ny personbeste; 45,5. I finalen den 2. september kjempa han ein knallhard kamp om gullmedaljen med tyske Carl Kaufmann. Begge pressa seg til yttarste og fekk sluttida 44,9 sekundar, ny verdsrekord med tre tidels sekund. Davis heldt så vidt unna for Kaufmann, dei uoffisielle elektroniske tidene vart rekna til 45,07 og 45,08. To dagar seinare møttest dei same to på siste-etappe på 4 x 400 meter stafett. Etter solide løp av lagkameratane Jack Yerman, Earl Young og Glenn Davis hadde Otis Davis ingen store vanskar med å sikre OL-gullet framom Kaufmann og det alltyske mannskapet.

Davis slutta å tevle i 1961.