Oto Grigalka
| Oto Grigalka | |
| Statsborgarskap | Latvia, Sovjetunionen |
| Fødd | 28. juni 1925 Madona |
| Død | 8. februar 1993 (67 år) Madona |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1956 |
| Utmerkingar | Hedret mester i idrett av Sovjetunionen, Ærestegnets orden |
Oto Janovitsj Grigalka (28. juni 1925–8. februar 1993) var ein latvisk friidrettsutøvar som tevla for Sovjetunionen. Han deltok både i kulestøyting og diskoskasting.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Grigalka tok bronsemedaljen i kulestøyt ved europameisterskapen 1950. Under dei olympiske leikane 1952 i Helsinki enda han på fjerdeplass i kulestøyt og sjetteplass i diskoskast. I eit stemne på den same bana i slutten av juni 1954 sette han personleg rekord i kulestøyt med 17,20 meter[1]. To månader seinare vann han sølv i øvinga ved EM i Bern, klart slått av storfavoritten Jíři Skobla. Under Sommar-OL 1956 vart Grigalka femtemann i diskoskast.
Grigalka var sovjetmeister i kulestøyt tre år i rad, 1952-54, og fire år i rad i diskoskast, 1953-56. Tidleg i oktober 1958 forbetra han i Kharkov den sovjetiske rekorden i diskoskasting til 56,94 meter[2].
Grigalka var gift med Marija Pisareva, høgdehopparen som vann OL-sølv i 1956. Han døydde i ein landsby i Madona kommune i heimlandet Latvia.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Oto Grigalka» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juli 2020.