Ott Lepland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ott Lepland

Statsborgarskap Estland
Fødd 17. mai 1987 (36 år)
Tallinn
Yrke songar, pianist
Språk estisk
Nettstad http://www.lepland.ee/
Ott Lepland på Commons

Ott Lepland (fødd 17. mai 1987) er ein estisk songar.

Ott Lepland vart kjend som barnestjerne i Estland. I 1995 og 1996 gav han ut fire plater med barnesongar på. I 2009 vann Ott Lepland Eesti otsib superstaari - «Estland søkjer ei superstjerne», ein estisk variant av Idol. Etter dette gav han ut eit nytt album i 2010, og endå eitt i 2011.

Eesti laul[endre | endre wikiteksten]

Den 3. mars 2012 vann Ott Lepland EESTI LAUL, estisk Melodi Grand Prix, med balladen «Kuula» - Lytt, høyr etter. Songen er skriven av Lepland og lyrikaren Aapo Ilves. Han var ein av to songar som kom til den estiske superfinalen. Den andre songen var «Mina jään» av Lenna Kuurmaa. «Kuula» vann med 67 % av røystene i Estland, og Ott Lepland fekk difor representera Estland i Eurovision Song Contest 2012 i Baku.

Eurovision Song Contest 2012[endre | endre wikiteksten]

Ott Lepland deltok i den andre semifinalen i Baku den 24. mai 2012 med «Kuula». Songen gjekk vidare til finalen, der han enda på ein sjetteplass med 120 poeng.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Oti jõululaulud (1995)
  • Oti suvelaulud (1996)
  • Ott ja valged jänesed (1996)
  • Ott ja sõbrad (1996)
  • Ott Lepland (2010)
  • Laulan ma sind (2011)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen byggjer på Ott Lepland frå Estisk Wikipedia, henta inn 7. mars 2012.
  • Denne artikkelen byggjer på Ott Lepland frå Engelsk Wikipedia, henta inn 7. mars 2012.
  • Poengsummen er henta frå eurovision.tv den 27. mai 2012.