Ottar Befring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ottar Befring (fødd 19. november 1939 i Stardalen i Jølster) er ein norsk offiser, bonde, politikar frå Arbeidarpartiet og embetsmann.

Ottar Befring starta i forsvaret (1959), tok krigsskolen (1966) og stabsskolen. Han arbeidde som offiser i hæren til 1978 då han overtok familien sin gard i Stardalen. Befring er i dag leiar i Noregs Forsvarsforeining (2005-). Han har site i kommunestyre og fylkesting, og hatt vervet som styreleiar ved Sogn og Fjordane Teater. Befring var statssekretær i Landbruksdepartementet (1992-1997) under statsrådane Gunhild Øyangen og Dag Terje Andersen (1992-98), landbruksdirektør i Møre og Romsdal (1997-) og fylkesmann i Møre og Romsdal (2002-2009).

Han er bror til Edvard Befring.