Ottar Svarte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Ottar Svarte (norrønt: Óttarr Svarti), fødd på 900-talet og død etter 1027, var ein islandsk skald. Tilnamnet hans knyter han til ein tradisjon om at han var «mørk», enten av utsjånad eller av lynne.

Utanom at Ottar Svarte truleg var frå Island, veit vi ikkje noko om hans familie eller oppvekst. Det er einast nemnt i Heimskringla (Soga om Olav den Heilage) at han var systerson til Sigvat Skald.

I Skaldatal[1] er han ført opp som skald hos desse kongane:

Svein Tjugeskjegg – fram til om lag 1014
Olof Skötkonung (Olav svenske) og Anund Jakob (Olofsson) – fram til om lag 1022
Olav den heilage - tida 1023 - 1025,
Knut den store – frå om lag 1026.
Han skal òg ha vore skald hos Dale-Gudbrand (Guðbrandr í Dölum), men ingen dikt om han er kjende.

Han er nemnt mange stader i dei norrøne kongesogene, til dømes i Soga om Olav den Heilage, Knytlingesaga og Fagerskinna. I Skaldskaparmål[2] har Snorre sitert strofer frå mange av dikta hans.

I den korte islendingessoga «Tåtten om Ottar Svarte»[3] (Óttars þáttr svarta) blir det fortalt at Ottar gjorde eit kjærleiksdikt (mansǫngr) til Astrid, dotter til kong Olof. Kong Olav den heilage, som vart gift med Astrid, mislikte diktet. Då Ottar seinare kom til Noreg, vart han teken til fange og kong Olav baud at han skulle drepast. Etter råd frå Sigvat Skald gjorde då Ottar eit hyllingskvad til kong Olav og som løn fekk han behalde «hovudet». Diktet vart difor seinare kalla «hovudløysinga» (hǫfuðlausn).

Dikta til Ottar Svarte er rekna som viktige, samtidige kjelder for opplysningar om dei kongane han var knytt til. Ein må likevel stille seg tvilande til nokre av dei overlag rosande opplysningane om Olav den Heilage i hyllingskvadet «Hovudløysinga», særleg med tanke på bakgrunnen for diktet. Skildringane, særleg av hendingane i England, er historisk tvilsame.[Note 1]

Den islandske filologen Finnur Jónsson skreiv dette om Ottar Svarte: «Ottar hører bestemt til de bedre skjalde ved sine anskuelige skildringer, flugt og kraft i fremstillingen ligesom også ved sit i det hele udmærkede skjaldesprog.»[4]

Desse dikta av Ottar Svarte er kjende i dag:

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Til dømes: Skildringa om at kong Olav den heilage øydelagde London Bridge er i hovudsak bygt på ei strofe i Ottar Svarte sitt dikt «Hovduløysinga» (Enn brauzt … bryggjur Lundúna). Hendinga er i dag rekna som ei av helgen-mytene om Olav den heilage og er historisk lite truverdig.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  2. Skaldskaparmål Snorre Edda, frå heimskringla.no
  3. ÓTTARS ÞÁTTUR SVARTA etter Flatøyboka (frå snerpa.is)
  4. Den islandske litteraturs historie tilligemed den old norske av Finnur Jónsson, (G.E.Gad 1907)
  5. Olavsdråpa frå Skaldic Project
  6. Hovudløysinga frå Skaldic Project
  7. Knutsdråpa frå Skaldic Project
  8. Lausaviser frå Skaldic Project

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]