Ottar frå Hålogaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ottar fra Hålogaland)
Kart over Ottar sine reiser austover til Kvitsjøen og sørover til London.

Ottar var ein nordnorsk høvding, sjøfarar og handelsmann som vitja kong Alfred av England rundt år 890. Her fortalde han om reisene sine austover til Kvitsjøen og sørover langs kysten av Noreg og Danmark til London. Skildringa hans er rekna som ei truverdig samtidskjelde, og ho er ei av dei viktigaste kjeldene til vikingtida.

Ottar fortalde at han budde i Hålogaland, «lengst mot nord av alle nordmenn», og han gav detaljerte opplysningar om næringsgrunnlaget i nord og dei inntektene han hadde som høvding, m.a. sameskatten. Han gav også mange interessante opplysningar om folka i Norden, om geografi, reiseavstandar og handelsplassane Skiringssal og Heidaby. Han skildra nordmennene som eit eige folk til skilnad frå samar, finnar, svear og danar, og han brukte namnet Norðweg om landet.

Kong Alfred var kunnskapsinteressert, og han fekk omsett den spanske munken Orosius si verdssoge frå 400-talet, Historia adversum Paganos, til gammalengelsk. Han ønskte å supplera historia med samtida sin kunnskap om land og folk i dei nordlege delane av Europa og la til to reiseskildringar. Den eine var angelsaksaren Wulfstan si skildring av ei reise frå Heidaby og innover i Austersjøen til byen Truso ved munningen av Wisla i vår tids Polen. Den andre reiseskildringa var den Ottar gav.

Forteljinga om Ottar sine reiser finst i Lauderdale-manuskriptet og Cotton-manuskriptet i Det britiske museet.

Omsetjing av teksten[endre | endre wikiteksten]

Ottars forteljing er skriven på gammalengelsk, eit språk som liknar mykje på norrønt. Her følgjer ei omsetjing. Nokre namneformer på gammalengelsk er gjevne att i hakeparentes. Mellomtitlane er ikkje med i originalteksten:

Ottars heimstad[endre | endre wikiteksten]

Ottar [Ōhthere] sa til herren sin, kong Alfred, at han budde lengst mot nord av alle nordmenn. Han fortalde at han budde nord i landet ved Vesthavet. Han sa at landet likevel når mykje lenger mot nord, men det er alt øydemark bortsett frå nokre få stader der det bur samar [Finnas]. Dei lever av jakt om vinteren og av fiske ved sjøen om sommaren.

Reisa til Kvitsjøen[endre | endre wikiteksten]

Han sa at han ein gong ønskte å finna ut kor langt mot nord landet nådde, og om det budde nokon nordom øydemarka. Han segla nordover i tre dagar og hadde heile vegen øydemarka til styrbord og det opne havet til babord. Då kom han så langt mot nord som kvalfangarane for på det lengste. Så reiste han vidare mot nord så langt som han kunne segla dei neste tre dagane.

Deretter svinga landet mot aust, eller sjøen gjekk inn i landet, han visste ikkje kva, men han visste at han venta på vestavind der og noko frå nord, og så segla han mot aust langs landet så langt han kunne koma på fire dagar. Så måtte han venta på nordavind, fordi landet svinga mot sør, eller sjøen gjekk inn i landet, han visste ikkje kva. Derfrå segla han sørover langs landet så langt som han kunne koma på fem dagars segling. Der gjekk det ei stor elv opp i landet.

Dei segla opp i elva fordi dei våga ikkje å fara vidare forbi elva på grunn av fiendskap, fordi landet var fullt busett på den andre sida av elva. Han hadde ikkje tidlegare reist forbi busett land sidan han reiste heimanfrå. Han hadde berre hatt øydeland til styrbord, bortsett frå fiskarar, fuglefangarar og jegrar, og dei var alle samar, og han hadde berre hatt ope hav til babord. Bjarmane [Beormas] hadde bygd landet sitt vel, men dei våga ikkje å reisa inn til dei. Men terfinnane sitt land var berre øydemark, bortsett frå der det budde jegrar eller fiskarar eller fuglefangarar.

Bjarmane fortalde han mange historier både om deira eige land og om landa rundt, men han visste ikkje sikkert kva som var sant, for han såg det ikkje sjølv. Han syntest at samane og bjarmane snakka mest det same språket. I hovudsak reiste han dit for å undersøkja landet på grunn av kvalrossane, for dei har eit svært verdifullt bein i tennene – dei hadde med seg nokre av tennene til kongen – og huda deira er svært veleigna til skipsreip. Kvalen er mykje mindre enn andre kvalar. Den er ikkje lengre enn sju alner lang, men den beste kvaljakta er i hans eige land, dei er 48 alner lange, og dei største er 50 alner lange, av dei sa han at han saman med fem andre slakta 60 på to dagar.

Ottars rikdommar[endre | endre wikiteksten]

Han var ein svært rik mann på slike eigedommar som rikdommen deira er i, det vil seia ville dyr. Han hadde framleis, då han vitja kongen, seks hundre uselde tamdyr. Dei kallar desse ville dyra for reinsdyr, seks av dei var lokkereinar, dei var verdfulle for samane fordi dei fangar ville reinsdyr med dei. Han var mellom dei fremste i landet sjølv om han ikkje hadde meir enn 20 kyr, 20 sauer og 20 grisar, og det vesle han pløgde, pløgde han med hestar.

Men største inntekta hans er skatten som samane betaler han. Skatten blir betalt i hjorteskinn, fuglefjør, kvalbein og i skipsreip som er laga av kval- og selskinn. Kvar betaler i samsvar med sin byrd. Dei som er av høgast byrd, skal betala 50 mårskinn, fem reinsdyr, eit bjørneskinn, 10 ambrar [ambra] med fjør, ein bjørne- eller oterkjortel, to skipsreip, begge skal vera 60 alner lange og skal vera laga av kval- eller selskinn.

Landet til nordmennene[endre | endre wikiteksten]

Han sa at landet til nordmennene var svært langt og smalt. Alt ein kan nytta til beite eller dyrka, ligg ved sjøen, men det er likevel svært berglendt nokre stader. I aust og langs det dyrka landet ligg det ville vidder og her lever samar. Det dyrka landet er breiast i aust, og smalare dess lenger nord ein kjem. Den austlege delen av det kan vera 60 mil breitt, eller noko breiare, og den midtre delen 30 mil eller breiare, og den nordlege delen, sa han, kunne vera tre mil på det smalaste. Viddene er nokre stader så breie at ein brukar to veker på å kryssa dei, men nokre stader kan ein gjera det på seks dagar. Langs landet i sør, på den andre sida av viddene, ligg Sverige [Sweoland], og lenger nord ligg Finland [Cwena land]. Finnane kjem somme tider over viddene og herjar hos nordmennene, og somme tider herjar nordmennene hos dei. Det er svært mange ferskvass-sjøar på den andre sida av viddene, og finnane ber somme tider båtane sine over land når dei herjar hos nordmennene. Dei har svært små og lette skip.

Reisa til Skiringssal[endre | endre wikiteksten]

Ottar sa at det heitte Hålogaland [Halgoland] der han budde. Han fortalde at ingen budde nordanfor han. Det er ein handelsby [port] sør i landet som heiter Skiringssal [Sciringes heal]. Dit kunne ein ikkje segla på mindre enn ein månad, om ein ankra opp om natta og hadde god bør. Heile tida segla han langs landet. Til styrbord hadde han først Irland [Iraland] og deretter dei øyane som ligg mellom Irland og dette landet.

Då han segla til Skiringssal, hadde han heile vegen Noreg [Norðweg] til babord. Sør for Skiringssal går ein svært stor sjø inn i landet, sjøen er breiare enn ein kan sjå over. På den andre sida ligg Nord-Jylland [Gotland] og deretter Sør-Jylland [Sillende]. Sjøen går fleire hundre mil inn i landet.

Reisa til Heidaby[endre | endre wikiteksten]

Frå Skiringssal sa han at han segla i fem dagar til handelsbyen Heidaby [Hæðum], som ligg mellom vendane [Winedum], saksarane [Seaxum] og anglarane [Angle], men høyrer til danane [Dene]. Då han segla dit frå Skiringssal, hadde han Danmark [Denamearc] på babord side og storhavet på styrbord side i tre dagar. Deretter hadde han Nord-Jylland , Sør-Jylland og øyane på styrbord side i to dagar før han kom til Heidaby . På det landet levde anglane [Engle] før dei kom til dette landet. Han hadde då øyane i Danmark til babord i to dagar.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Tidsskriftet Ottar, gjeve ut av Tromsø Museum, er kalla opp etter høvdingen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]